Hjem Gård og ætt Side 68

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 68

eigedomane sine i Flora unnateke Langsmoen, til Christopher Casper­sen, viselagmann og stor godseigar i Trondheim. Langsmoen vart seld seinare.

Mesteparten av landskylda og bygselretten over gardane i Flora kom no under proprietærar, rike ættet som rådde over større og mindre delar av jorda i Flora i lange tider.

Eit par ord om desse ættene vil derfor vera på sin plass.

Schøller-ætta

Dei norske Schøller-ane ættar frå Holstein. Ein Caspar Schøller kom til Noreg på 1600-talet, var fut over Bakke klostergods, kjøpte stor­garden Gjølme i Orkdal og ei mengd jordgods over alt i distriktet. Han døydde i 1661.

Ein av sønene hans heitte Christopher, og det var han som kjøpte gardane i Flora. Han oppnådde å bli viselagmann i Trondheim. Han åtte hovudgardane Munkvoll ved Trondheim og Gjølme i Orkdal, og heldt fram med gardoppsamling i stor stil som faren. Kona hans, Maren f. Meldahl, høyrde til ei ætt som og samla på jordgods.

Eit av borna deira heitte Anders (1664-1724). Han skaffa seg tit­tel av kommerceråd, åtte storgarden Leira i Strinda med kvern og sag­bruk i Leirfossen og var ein rik mann etter tida sin mælestav.

Me finn namnet hans i matrikkelen for Selbu frå 1721. Buet etter faren kan ikkje ha vorti oppgjort før, for før den tid er Schøllers arvin­gar ført som eigarar.

Mange av gardane i Flora som Christopher Caspersen kjøpte, hadde ellest gått over på andre hender etter han døydde i 1680.

I matrikkelen for året 1706 finn ein Friis'es arvingar som eigar av Uthus, Brix'es arvingar som eigarar av gardane Tuset, Bjørken og Bak­ken, medan Ørås har vorti bondeodel med enkja på Krogstad som eigar.

I 1715 er stillinga den same, men i 1723 står commerseråd Schøller som eigar av alle desse gardane unnateke Uthus, Schøller hadde da fått tak i ein annen gard i grenda, odelsgarden Neset som måtte gje tapt Som odelsgods på bondehand.

Etter Anders Schøller var død, vart jordgodset hans m.m. utlagt til arvingar og fordringshavarar. Enkja, Anna f. Tønsberg, vart i 1727 gift med ein major Johan Henrik Weinigel, og ein finn namnet hans i matrikkelen frå den tida, medan Schøllers arvingar opptrer som jord­godseigarar i 1726.

68