Hjem Gård og ætt Side 73

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 73

minst 2 spann vart rekna for ein «fullgard», og bonden på ein slik gard vart kalla «fullbonde» og stod sosialt over dei andre bøndene. I Flora var det berre bonden på Friol (Uthus) som vart rekna som fullbonde, og det berre før garden vart delt sist på 1600 talet.

Sjølvsagt vart ikkje landskylda alltid betalt i smør. Dei kunne betale med andre varer eller med pengar.

Landskylda vart og etter kvart nytta som grunnlag for utrekninga av ymse skattar.

Ein av dei hardaste skattane var ledingen, dvs. forsvarsskatten. Det var ein skatt til Kongen, dvs. statsskatt. Nokon ubroten samanheng mellom landskyld og leding var det ikkje, men ledingen vart i fredstid vanlegvis sett til 1/8 av landskylda. Heilt sikkert veit me at sist på 1500-talet var ledingen i Gauldal 8 merker smør pr. spann skyld. Det svarar till 1/9 av landskylda.

Tienda var og ein hard skatt. Som namnet seier måtte bøndene be­tala 1/10 av bruttoavlen, og av dette gjekk 1/4 til soknepresten, 1/4 til biskopen, 1/4 til bygdekyrkja og den siste fjerdedelen til fatighjelp («bondeluten»). Også tienda kunne betalast med andre varer eller reide pengar.

Utanom leding og tiend var det ei mengd andre skattar, serleg i ufredstider, men det vil føre for langt å komme nærare inn på dei her.

Til sist kan nemnast at før «spann smør» vart gjennomført som verdi­rnål for gardane, brukte dei einingane «fullgard», «halv gard» og «øyde­gard», dvs. kvart gard, og desse nemningane heldt seg langt opp gjen­nom tida ved sida av «spann»-skylda.

Frå 1838 vart «spann»-skylda ombytt med skylddalar á 5 ort á 24 skilling, men alt i 1886 vart skylddalaren bytt om til den eining som no gjeld: Skyldmark á 100 øre.