Hjem Dei einskilde bruk Dei einskilde bruk Side 076

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 076

mjøl. Seinare er ledingen ført med ½ mark smør og 3 merker mjøl. I 1626 er Peder Ørås eller Øffraas, ført som leiglending på garden.

Det er ellest ikkje så mykje å fortelje om Ørås i denne tida, da fleire skatteregister ikkje nemner garden. Først i 1640 er garden ført att.

Oppsittaren er da og kalla Peder. Under Koppskatten 1645/46 er Peder Øraas ført med Høstrue, Sønner 1 og Tienestepiger 2. Ledings­skatten var 5 ort.

I 1657 var skatten berre halvparten. 2 1/2 ort 4 skilling.

Det var da kommi ny leiglending på garden, Anders Øraas, truleg son til føremannen.
Same år fører skattelista ein husmann under garden, Joen Øraas som til liks med ein annan husmann i Flora, «efter Deris yderste formue var taxerit for half Skatt» med 1/2 dalar.

Det var tilsprang til bureising i denne tida, truleg for den livlege avsetting av trelast og alt arbeid som følgde med det. I Flora var det både garddeling og bureising av husmannsplassar. Husmannen på Ørås har truleg halde til på Øråsplassen.

Kvegskatten frå 1657 har desse tal for Ørås: 1 hest, 11 naut, 7 gei­ter og 8 sauer. Husmannen hadde hest, men nøgde seg med 3 kyr, 3 geiter og 1 sau.

I jordboka for 1661 er og skatten for engslætte ført med 8 skil­ling, men skatt for Qvernsted har ikkje Ørås svara. Ørås-mannen skal etter segna ha me1i kornet sitt på kverna åt Langsmomannen, og den kverna har nok ikkje skattefuten hatt greie på, for den stod oppå elv­bjørga på andre sida i tverelva Råna.

I rentekammermanntalet 1664/66 er Anders Ørås borte og Enchen er ført som “besidder».

Til hjelp på garden hadde ho to søner: Joen, 40 år og Gunder, 26. Og så hadde ho ein tenestekar, Joen, også 40 år gammal.

I jordboka for 1668 er «Enchen» ført med førenamn. Ho heitte Kari. Christoffer Caspersen er da eigar. Skylda er da ført med berre 8 marklag. Ledingsskatten var svært låg over alt det året og utgjorde for Ørås berre ½ ort. Tienden var derimot vanleg: 1/2 skjeppe bygg og 3 skjepper havre.

Det gamle Øråsjordet som ligg med fritt utsyn oppover dalen frå den høge dalsida, vender mot sør og ligg såleis lagleg til for korndyrking. Det same er tilfelle med «Reitene» som ligg lenger ute i dalsida. I den bratte lia, som no er tilvaksi med older og anna skog, har gamle­karane dyrka kornet sitt. Det vart ikkje avling kvart år. Garden ligg

76