Hjem Dei einskilde bruk Dei einskilde bruk Side 078

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 078

skal ha senda blind allarm ein gong det brann eit sommarfjøs på Hilmo.

Nedover dalen skulle Ørås-veten varsle ein vete på Hoemshaugane, og derifrå gjekk meldinga om Våttåfjellet på Selbustranda og enda om ein vete til varslet nådde Sverresborg og byen.

Det var vakt ved vetane i spente tider. Den som sist vakta Ørås­veten skal ha vori ei kvinne som heitte Guri, Gråtar-Guri, kalla dei henne. Vaktstugu som det har synt vister etter hittil, stod i skogsnaret like bak veten. Av veten er der derimot ingen ting att. Han stod i fullt stand enda i 1860-åra da to gjetargutar sette fyr på han. Det var ein pinstimorgon med sol over alt og med vegen full av kyrkjefolk ned­etter bygda.

Etter segna skal det ha stått kross attpå Våttå. «Dei i Øråsa trong ikkje gå til kjørkje dei,» seier segna. «De var berre å gå til krossen attpå Våttå, det.»

Ei anna segn lyder slik:

Ein gong skal det ha vori to svenske kvinner som dreiv Ørås'n. Dei var systrer, og båe to var spellmenn. Dei spela på langspell eller lang­leik, dei kallar. Dei hadde taus, og ho låg i fjøset, som skikken var. Alt var som det skulle vera på garden, hadde det ikkje vori for tausa. Ho gjekk berre og stura dagane lange og heldt seg for seg sjølv. Men ein sundagsmorgon var det slik ein song i fjøset, da den eine av systrene kom ut på tunet. Ho inn til den andre og fortalde: «Det sjun­gar så vackert i fjøsen i dag.» «Va er det for nå det sjungar då?» ville den andre vita. «Å, det sjungar så vent: «Av hjertans grunn», svara ho. Det er ein song som tok til slik. Det var ellest ikkje så rart at det var song i fjøset. Han Josop Langsmoen, tausmågen, var komen heim­att, etter å ha vori borte frå bygda.

I 1701 låg Ørås øyde, hugsar me, garden var bortleigd til slåtte­land til ei enkje på Krogstad, Ragnhild Erichsdotter.

Ikkje så svært lang tid etter (1706) har Ragnhild Erichsdotter vorti eigar av garden og er ført som proprietær i lens rekneskapen. Om enkja på Krogstad var i skyld med Joen Ørås eller ikkje er ukjent.

Det var ikkje lett for bønder å halde på odel i denne tida, slik og for Ragnhild Erichsdotter. I 1727, den 17. februar har Ragnhild Krog­stad ferda ut skøyte på Ørås til enkjefru Anna Tønsberg Schøller. Men i matrikkelen er Schøller ført som eigar alt i 1723, så det er truleg at Ragnhild har mått gje slepp på garden tidlegar, men ho syrgde i alle høve for at ein av folka hennar fekk bygsel på garden.

Det var ellest i propritæren si interesse, å få garden bortleigd på vanlege vilkår, og i 1726 finn ein Jokum Erichsen som bygselsmann

78