Hjem Dei einskilde bruk Dei einskilde bruk Side 080

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 080

Jochumsen Stoermoen, 43 år gl. Olle Jochumsen Stoermoen, 13 år gl. Hvilken 2 de  p: Fader og Søn frøs ihiel på Fjeldet d. 22 Dec:.» Det skulle vera frykteleg til uver Jocum og Olle kom ut for. I Flora har dei hittil tala om «Jocumsver» når det ryk opp til riktig storstorm.

Folka etter Jocum vart flytta ned i bygda, til Bårdsgard som høyrde verket til. Ei dotter, Catrine vart g.m. Olle Hansen Mebust. Klækista etter Catrine er no kommi til Stormoen der Catrine ein gong sprang om­kring som barn. Kista står i peisestova på turisthytta.

Om gamle Jocum Ørås har ikkje kjeldene meir å fortelje. Søner og døtrer var knytte til Koparverket har me sett, og flytta etter som ar­beidsplassane skifta. Foreldra var truleg åleine til slutt, og Jocum Ørås har loti gjeva opp garden. 250 riksdalar var heller ikkje så lett å for­rente. I 1746 har Jocum-folka fari frå Ørås. Garden ligg atter øyde og Sti Tønsberg Schøller er atter eigar.

Ørås vart no bortleigd som engslætte til mennene på Tuset som delte bruket. I 1801 er Ørås ført i matrikkelen som to sjølvstendige bruk med 6 marklag i skyld på kvart. I den trykte matrikkelen for 1838 har dei to bruka laupenumra 138 a og 138 b, og skylda var delt likt på dei med 2 ort 23 skilling på kvart av dei.

Ørås vart drivi som slåtteland eller underbruk under Tuset i nær hundre år. Av leigarar nemner matrikkelen Ole og Ole i 1768 og Ole og Knud i 1769, Knud fekk bygselbrev på sin part i 1783 og stod som brukar til 1818, da sonesonen, Knud Jonsen tok over.

Andre Øråsparten vart i 1801 drivi av Gunder Johnsen Tuset. Etter­mannen hans, stedsonen Ole Olsen Tuset fekk sitt bygselbrev same dag som Knud fekk sitt, båe utstedd den 14/11 1821 av general Krogh.

I 1828 vart Krog-godset som konkursbu for ein stor del realisert, og leiglendingane på alle Krogh-gardane i Flora gjekk da over til sjølv­eigarar. Oppsittarane fekk skjøta av auksjonsforvalteren, og alle er dagsett 27. november 1828.

For Ørås var kjøpesummen 100 spesiedalar for kvart av bruka. Båe kjøparane lånte pengane i Norges bank, men ingen av dei kom til å halde på eigedomane. Ole Olsen skjøta alt i 1831 sin part til svogeren John Flakne. Knud slepte først frå seg halvparten av heimegarden for å lette på gjeldsbyrda. Seinare bytta han frå seg andre halvparten mot å bli eigar av heile Ørås-garden. Dermed tok ei ny busetting til på Ørås.

Det er ikkje tinglyst nokon kjøpekontrakt på den siste byttehande­len, og noko skjøte har heller ikkje vorti skrivi, så dei to vart stand-

80