Hjem Dei einskilde bruk Dei einskilde bruk Side 079

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 079

på Ørås. Han var son til Erich Ejstensen Moslet og soneson til Ragn­hild Krogstad.

Enkjefru Schøller vart gift i denne tida med major Weinigel, og i 1728 pantsette han Ørås og ei mengd andre gardar i Selbu og Tydal for eit større pengelån til Jonas Angell. For Ørås førte ikkje det til noko forandring i eigedomsforholdet, men garden skulle likevel snart koma til å skifte eigar.

Folka etter Ragnhild gløymde ikkje at mor deira hadde ått Øråsen, og i 1738 kunngjorde Erich Ejstensen Moslet at han rekna seg odels­boren til Ørås, og at han akta å løyse inn garden så snart han fann utveg til det, det vil seia å skaffe pengar.

Året etter, den 11. juni 1739 overlet så daverande eigar av Ørås, Stie Tønsberg Schøller ved skøyte, garden til oppsittaren, Jocum Erichsen Ørås for 250 riksdalar. I skøytet har seljaren teki atterhald om at alt tømmer den nye eigaren dreiv fram av Ørås-skogen skulle leverast på seljaren sine sagbruk. Pengane lånte Jocum av Klæbupresten, Jens Lemvik mot panterett i eigedommen og i lausøyren m.v. Prestane dreiv jamnt med utlånsverksemd, og visste å gardera seg mot tap.

I Prøvematrikkelen, 1723 er Ørås kalla Marcheplatz. Garden bruktes enda som forland og var ikkje tilsådd. Den var ellest «meget frost under­given», som det heiter. Foravlinga er oppgjevi til 20 lass, og garden kunne føda 3 kyr. Et engeslet giver 8 skilling, står det.

Ørås var såleis ingen storgard, men 3 kyr må ha vori i minste laget, slike markaslætte som det finst rundt garden, og krøterteljinga 1657 viser at garden hamla opp med dei andre når det gald krøterhaldet. Ellest hadde dei både gruva og hytta i Jocum si tid som skaffa arbeid og forteneste.

Jocum var komen til Ørås alt i 1726 har me sett. Han hadde da vaksne born, og i midten av 30-åra er dei 3 huslydar på Ørås. Ei Birgitte Jocumsdotter, truleg dotter til Jocum, g.m. Simon U thus(?), losjerte på Ørås i 1734 og hadde ein son, Anders til dåpen. I 1736 vart sonen, Erich Jocumsen g.m. Gloria Estensdotter Giøsten(?) og dei hadde same år ein son, Jocum til dåpen.

Ein yngre son av Jocum Ørås, Jocum Jocumsen har vorti mest kjent av desse folka. Han fraus ihel i 1769 på Roltdalen i følgje med ein 13 år gamal son. Jocum budde på Stormoen, og han og sonen, Olle Jo­cumsen arbeidde på Litl-fjellet. Da dei slutta til jul dette året og skulle heim sjursmessdagen, omkom dei båe på vegen. Dei kom ut for snø­storm og vart liggjande ute. Jocum og Olle vart gravlagt på Tydal kyrkjegard helligtrekonger 1770. I kyrkjeboka finn ein dette: «Jochum

79