Hjem Dei einskilde bruk Dei einskilde bruk Side 081

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 081

Anne og John O. Ørås.

ande som offisielle eigarar av bruka dei hadde bytta frå seg. Noko ord­ning vart det heller ikkje for det første, men Knut og John flytta inn på dei nye gardane sine. Av skjøte som John seinare fekk på Tuset, går det fram at det har vori rekna med same kjøpesum på gardpar­tane som ved kjøpet i 1828.

Av grunnar nemnt ovafor, veit ein heller ikkje tida da Knud Tuset kom til Ørås, men etter det som går fram av kyrkjeboka, hadde han flytta til Ørås seinast våren 1835.

Denne busettinga på Ørås vart ellest ikkje lang-varig. Knud berga seg ikkje på Ørås heller. Broren og svogeren la ut for han, fleire gonger, men hjelpa vart berre ei utsetting for det som måtte komme. Pengar til rente og avdrag var ikkje til å oppdrive, og da banken ikkje fekk sitt til rett tid, vart garden sett til auksjons. Det var i 1837. Ein bør merka seg at Noregs bank gjekk temmeleg hardhendt fram mot låntakarane, i det minste så lenge banken sjølv stod veikt. Tvangsauksjonar rekvirert av Norges bank herja bygdene som ein pest. Berginga for mange vart, trass alt, Norges Hypotekbank da den endeleg vart til i 1851.

På auksjonen vart Ørås kjøpt av broren Sakarias Tuset og svogeren Ole J. Flakne. Tilslaget vart 70 spd. for kvart av bruka. Dermed hadde banken fått sitt. Før auksjonsskjøte kunne stedast ut, laut det ordnast med skylddeling og skjøte på jordtransaksjonane til Knut. Først i 1846 var dette ordna og auksjonsskjøta til kjøparane vart utstedd.

Knut Ørås fekk utlagt husmannsplass åt seg på Øråsvoll som ligg nede i dalen midt for det gamle Øråsjordet. Om Knut og huslyden hans får ein vita meir i stykka om Tuset og Øråsvoll.

81