Hjem Dei einskilde bruk Dei einskilde bruk Side 082

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 082

Ørås vart no delt att som før. Sakarias Tuset tok over laupenr. 138 b som før hadde høyrd til Tuset vestre, og denne part av Ørås har sidan vori drivi som underbruk av denne garden.

Laupenr. 138 a, som Ole J. Flakne tok over, vart busett kort tid etter.

Ole Johnsen Flakne selde sin part av Ørås til nesteldste sonen, John Olsen i 1855, og han busette garden. John Olsen flytta til Ørås i 1857, men vart ikkje verande lenge på den garnle gardstufta. Berre 4 år etter vart Øråsplassen ledig, og John flytta ned på plassen som no vart ho­vudbruk.

Det var hefta kårytingsplikt på Ørås til mor til John, Ingeborg Johnsdotter. No vart det hefta eit nytt kår på garden til husmanns­folka, I ngebrigt Johnsen og Anne Olsd.

Det nye tunet som i dagleg tale blir kalla Øråsplassen, eller Plassen, ligg like ved grensa mot Øverbygda. Garden ligg på ein mo, så ein ser han ikkje frå almannvegen som følgjer elva.

I 1863-1870 vart heile Øråsgarden utskifta etter det først var haldi merkesoppgang mot Rolset. Dei to Øråspartane vart delt med ei line frå plassen Øråsvoll som vart liggjande med ein halvpart under kvart av bruka. Delingslina går over Øråsjordet og nordover til Rotla, med John Olsen som eigar av vestre part og Sakarias Tuset som eigar av den austre.

John Olsen, f. 1824 og g. 1851 m. Anne Olsd. Tuset, f. 1823. Dei hadde 7 born:

  1. Ole, f. 1852, tok over garden.
  2. Ragnhild, f. 1854, g. 1876 m. John Johannessen Moslet, budde i Trondh., 8 born: Johannes, John, Ole, Gurine, Olav, Ane, Johan og Inga.
  3. Ole, f. 1856, farmar i Park River N. Dakota, g.m. Gina Borsgard frå Selbu, 7 born.
  4. John, f. 1857, g.m. Kirsti Berntsd. Lien, dreiv Lien, 6 born: John, Ole, Sigrid, Johannes, Bernt og Ane.
  5. Ingeborg, f. 1859, g.m. Sam Sorensen, Newfolden, Minn., 9 born, ein svigerson, Chr. Oswood, Tacoma Wash., på besøk her i 1966.
  6. Johannes, f. 1861, skreddar og snikkar, ug., flytta til Evjemo 1924, d. 1944.
  7. Ingebrigt, f. 1863, til Am., g.m. Bertha Arneson, 9 born, dei fleste i Alberta og Sask., Canada.

82