Hjem Andre skriv Vår Ættegard

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

VÅR ÆTTEGARD

VÅR ÆTTEGARD

FLAKNAN  I  SELBU

Til slektsstemne 17.8.1980

Av

Bardo Flakne

 

Tidt eg minnest ein gamal gard, skriv Ivar Aasen om sin ættegard. Og eg gjer orda hans til mine, og heile songen for det, for det er som den skulle vore skreven om vår ættegard.

Heime hadde me og ei bjørk så brei der skjorene heldt til, staren song frå låvetaket, rindil og sporv trippa i tunet, og frå tollskogen i bakkane oppfor garden jubla bokfink og trost og kva dei no heitte alle i den vingede skare som heldt til her.

Tedt ved vår stove stod ei gamal rogn som oldefar hadde planta og som me smågutane titla lauvet av når hausten kom. Der var humlehagen og som far stelte om vårane, men som ingen visste nokon alder på eller kven som hadde planta.

Husa stod der garden framleis står med ækrer og skrinnslått i kring. Alt hadde namn. Her var Lia og Sand - Flætten og Brauta - Torkjelbakken, Nylandet og Litlenget. Alt gjerda inn av skihagen som rakk frå Kvernbekken til Stortrøa aust for garden, med grind over vegen ved garden. Nedanfor jordet rann elva, stor og brei svingar ho kring jordet, for dalen svingar  mot nord  her etter å ha gått aust-vest gjennom grenda, Flora i Selbu.

Garden ligg einsleg så me ser korkje Moen, Klevan eller Stortrøromma som ligg på same side elva. Men til Sørflakne og Drivollgardane på andre sida var det god utsigt. Born som vaksne gjekk mellom gardene, og møteplassen var ofte “Garden” som tunet heime vart kalla.

Husa var bygde i firkant slik eit trøndertun skal vera. Stova stod mot nord og låven mot aust, og etter regelen skulle fjøset ha stått mot sør og stallen mot vest. Men dei to husa hadde bytta rom hos oss, så stallen stod mot sør og fjøset mot vest, kva som no kunne ha vore grunnen. Dei andre husa kunne stå slik det høvde. Heime var somarstova bygd i ende med låven. Buret stod i kråa mellom låven og stallen, og vedbua, skytja, var bygd i ende med fjøset. Eldhuset og smia stod vest for tunet.

Husa var gamle med brungrå tømmervegger og mest alle med jordtak.  Berre låven og eldhuset var tekte med bord, og vegger som var sers utsett for vestaveret var bordkledde. Slik stod husa kring hundreårsskiftet då eg vaks opp. Her hadde me så godt eit rom og nøytte alt som ein egedom har med både lut og lunnar.

Me var ein stor huslyd, 14 i talet som gjekk til same bord, og eg minnest bordseta. Far og bestefar satt i benken for enden av bordet, dei vaksne brørne, storgutane, nærast på langbenkane. Så me andre, jentene og me smågutane slik det fall, og bestemor, faster og mor på nedre ende av bordet.

Det var bestefar som hadde sett opp stova som hadde høvla innervegger.  Daglegstova hadde vore måla og, men far som var i full gang med å restaurera, hadde panela og sett inn nye glas, og ikkje alt av det gamle innbuet hadde kome innatt i stova. Kråskåpet i høgsetkråa hang no på loftsvala med navnet til bestefar og årstalet 1857. Golvklokka hadde heller ikkje vorte bore innatt, men matskåpet sto i kråa ved døra, og stovesenga stod og i si krå. Skorsteinen, muren, som me sa, stod og  på plassen sin mellom utgangs- og klavedøra, og eg minnest godt at mor koka maten der, men då komfyren kom, fekk han plass i klaven som då vart kjøken.

Bestefar hadde snekra mest alt innbu, krakkar, stolar, bord og benkar.  Dragsenga hans som då stod på kjøkenloftet, hadde og målaren pynta med namn og årstal. Likeeins inngangsportalen, der namnet og årstalet stod over dubbeldøra.

Bestefar døydde i 1899. Det var så mykje att etter han: langsleder og vogner og anna reidskap, rotkrakkar og lauper han hadde lage i koia i kvernfjellet. Mjøllaupen var mest som eit eventyr med utskore lokk og ei lita skuvluke for å koma til mjølet. Litt av eit eventyr var soga om då han vart lage og. Tryskfjøla var så sterk at ho slo ut for dei då dei skulle banda henne i hop og kasta lagskameraten under koietaket.

Ein tur til nystoveloftet var trivelig vandring for oss smågutane.  Nystoveloftet var kleloftet det med nykleda hangande langs veggane og nyfeldane på feldstengene. Langs veggane dei gamle klekistene og kleaskane. Mest funderte me på bestefarkista som skilde seg frå dei andre med si mørke maling og mest flate lokk. Inni var kista trekvit med svidde mønster på ledikken og sine svære gangjarn, rikt utkrusa, festa under lokket med raudt ty under.

På nystoveloftet hang dei to ridesalane og. Ridesalen til bestefar og den gamle brudesalen til bestemor, arva etter oldemor hennar, fortalde ho.

Stova hadde langkammer som var ny mote. Ho stod på høg syldmur med kjellar under både stoveromma, potetkjellaren med mura trapp og dekke av fire svære steinhyller så han var rekna brannsikker.

Det var bestefar som hadde sett opp fjøset og. Det var moderne for si tid med fraukjellar, trulig mellom dei første i bygda. Bygningen hadde berre ein skiljevegg - mot smefjøset. Kufjøset var markert med stutte kinnungar. Båsane stod på  jordpall med berre pallstokken utfor kjellermuren. Kraftige steinhyller skilde mellom kubåsane. Smefjøset var utan golv, og krøttera stod på binge i grindane med forkrubber foran. Det var skorstein med nedmura loggryte i alle fjøs. Den stod i kråa mot smefjøset med fjøssenga i andre kråa, men eg minnest ikkje det låg nokon i fjøset heime, berre så vidt eg minnest senga som vart kasta ut for gje rom for anna føremål.

Stall og låve var eldgamle bygningar med svaler foran og med rundtømmer i veggane. Stallen vart reven fyre hundreårsskiftet, men eg minnes han, og kjellbrua serleg godt, for eg hadde leika mi i brukaret som var midt på tunet. Døra til stallporten var under kjellbrua. I porten hestegreia, gamle og nye i lang rad på veggen, langsleder og annan reidskap. Det var  to stallrom - gardsstallen til høgre, og farastallen til venstre. Det var farastallar på alle gardar kor langt dei så var frå faravegen, som dei skulle vore oppsette etter ei eller onner kongeleg forordning.

På vestre ende av bygningen stod kvernporten, der dei finhogg steinane og sandmol dei. All slags reidskap hang eller stod langs veggane - kvernjarn, kompås (passar),  kjerringkjeft (reidskap til å banda steinane), handspikarar, sandtrog, og ikke å gløyma kvernalna som hadde stuttare tommer enn vanleg alen. Ambod for sanddraging som stong og sveiver var opptredde under svala.

Gamallåven hugsar eg godt. Det var først i 1911 han vart reven.  Gamallåven hadde overlevd tre svenskekrigar han, var det fortald. Han var ikkje opptømra der han stod heller, men flytta til gards frå sørsida elva, segnas det. Låven var bygd berre i ei høgd og låg like ned på novsteinane på øvre ende, med nokre korte stolpar på den nedre, då tufta halla litt. Ellest var han som andre låver i bygda med trysklåven i midten og korn- og halmstålet til endane. Låven hadde berre ein jamnlike i grenda. Over alt ellest var låvane då bygde i to høgder med tømra kastlåve under trysklåven og buer under ståla. Kastlåven vart og nytta til agnhus. Heime var agnhuset i låvsvala, og kastinga hadde dei gjort unda på trysklåven.

Men låven hadde vore til anna bruk og. Her hadde våre oldemødre rent vevene sine. Skil og endepinne hadde stått i eine låvbolken.

Det var slutt med handtryskinga på gardene, tryskmaksina var nok kjøpt fyre mi tid, men eg hugsar smellane frå låvgolva på småbruka, endå maskina kom fort etter der og.

Minnest tryskinga og, kor snåi det var, kanskje ikkje minst for oss smågutane som heldt til i kornstålet og løyste opp. Det var ein dur og ein turgang den lange halvtimen igjennom til bror min som stod i benken ropte - s t o  p p !  og både folk og hestar fekk ta ein pust. Men arbeidet gjekk med liv og lyst. Bestemor, så gamal ho var, ville ikkje sleppa riva frå seg, men stod så trufast og tok halmen unda maskina. På golvet tri - fire kvinner som rista halm og dreiv rittla, eller vogga som dei spøkefullt kalla henne, og fann på alt det som var og la oppi i kviltida då tina vart moka unda og golvet sopa. Men til stålkråke laut det helst vere ein kar.

Somarstova hadde oldefar vore meister for. Eit underleg hus tykte me smågutane. Det var som det stod på ein fot. Det var to loft på stova, og det eine var bygd over austre gardsledet (innkjørsla). Men oldefar hadde ikkje noko val, for ålmanvegen gjekk gjennom garden som han hadde gjort frå eldgamal tid. På vestre side kom vegen gjennom fjøsbygningen mellom kufjøset og sauefjøset, i eit ope portrom der og. Først kring 1830, då vognvegen kom, vart vegen lagt oppom garden, så bestefar hadde fri tomt då han sette opp si fjøsbygning.

Buret var oppsett i 1809 av tippoldefar, og burskjellen gøymde på ynse med smågutane funderte på. Det var no først kornsolda med dei fint fletta  botnene, og den gamle beiningskorga og smørforma som tok to kilo. Her hang hekla og garmen frå linarbeidet si tid, men det mest forunderlege var langleikane, langspela som me sa. Det var to langspel. Båe hadde vore brukt til ljosleggarar og soleis berga seg gjennom dei mange, mange åra. Det eine som var utgrave av heil ved hadde årstallet 1669 og var pynta med svipenn. Det andre var laga av tunne fjøler, snekra saman med trepinnar. Det smalna mot strengfestet som var av bjørk og skore til som hodet på ei fele, men enda i ei utskori kule. Båe spela hadde hatt fire strengjer og hadde kanskje vore brugt som fele. Det uthhola spelet vart gjeve til Selbu bygdemuseum og er no på Ringve museum.  Det andre vart veranda  på garden.

I smia var det og gamle ting. Her stod kolkorga og limosbrygga som dei røytte skinna i før i tida, - dei sa limstein for kalkstein.

Eldhuset var gammalt med jordgolv og berre eitt vindu. Bestefar hadde sett inn turkhylle. Før turka dei kornet i badstove som og hadde stått der.  No stod brunnstonga der. Bestefar hadde hatt brunngravar og dei grov til klinke berget utan å finna dropen ein gong, men då bestefar var nedi med lunte og krut, kom vatnet, ei sikker åre som aldri har trote.

Slik minnes eg husa, men far var i full fart med restaurering. Ny stallbygning med seinere tilbygd låve i vinkel med fjøset som og vart opprysta og tekt med spon. Stova like eins og tekt med skifer. Med somarstova, noverande kårstove, som vart oppsett i 1912, hadde far fare tunet rundt.

Men vår gamle ættegard er meir enn tunet. Me hadde fire setervollar med Roltbjørga som gjekk frå ved utskiftinga kring hundreårsskiftet. Mest interessant er setra Blisteråsen. Namnet fortel om smelting av myrmalm, og slaggdungen er det synlige vitnemålet om den eldgamle industri. Same industri har vore dreve i Roltbjørga, og der er slaggdungen enda større enn på Blisteråsen.

I utmarka kring Blisteråsen og i Vora på sørsida elva finst fleire merke etter ein annan industri, tjørebrenninga. Ein kan støyta på tjøreflåkkåer i attgrodde jyskhol. Dei let tjøra renna ned i hol, kasta i tett myr, fyllt med vatn. Flåkkån, av kløyvde stokkar vart lagt over holet, og tjøremila brend oppå den.

Dei mange stadnamn, knytte til personnamn som Ivarlia, Haldomyra, Litlpålslette, Barokjølen, Tærresmyra, Kjittillbjørga og Ilennfætta, er og stille vitnemål om folk som har streva og slite i skog og på myrar for seg og sine. To stadnman, Kariholet og Bjørkmannsvåen knyter det seg segner til. Ved Bjørkmannsvåen, ein berhamar i vegen i Usmbjørga der han kryssar bekken med same namn har ein mann frå Bjørka fare utfor med okse og moselass og slege seg i hel. I Kariholet, ein ørliten myrfloe ved Øråstjønna, skal ei lita jente ha drukna.

Stadnamnet Buåsdalen minner om ufredstider, då folk gøymde både mat og buskap og seg sjølve med for fienden. I Buåsdalen, ei kvølve i

skogen utmed elva vart det beite tidlig om vårene, og Buåsdalsvegen var godt synlig gjennom skrinnengslåtten i Kolbjørgliane.

Eldste setertufta utmed elva er Gamalvollen, som ligg beint for Langsetenget. Her vart bjørnen så nærgåande at dei laut flytta setra og skjølet kom att på Engmoen. Noko hus til dyra var det nok ikkje tale om endå. Dei haustsetra på desse vollene, og bestefar som var slik ein drivar, flytta setra til Engane og han sette opp stor fjøsbygning med rom både til kyr og smee.

Engane skal ha vore tilvakse med tett granskog, segnest det. Men skogen kom bort og det vart engeslette i staden. Kolmilbotnane fortel kvar skogen tok til lei. Det var to engeslette med Gamalengløa øvst på engane og Storengløa  som oldefar sette opp. Båe desse løene vart revne då bestefar flytta setra. Men oldefar hadde bygd to løer til - Kolbeliløa og Merkesløa, og bestefar og far fylgde opp med kvar si løe dei og, dei to Brautløene. Men på somarsetrane var det oldefar som hadde bygd fjøsa, bjørnesikre med klovningar i døra både på Blisteråsen og i Roltbjørga.

Både bestefar og far dreiv jorddyrking på Engane, så jordvegen der er mellom 30 - 40 mål. Men Engane låg i flomålet og elva har gjort stor skade. Verst var det i 1864. Det var så sein vår det året at det var kjørbar is etter elva endå den 28. mai. Men så kom godveret, brått og voldsomt.  Det tok snøen like til fjells og det vart ei flo som ingen kunne minnas maken til. Gamle, nedgrodde tømmerløer vakna opp or svevnen og gav seg i veg med i dansen. Heime fekk dei sjå gamalløa som hadde stått på Nekåfætta koma siglande, og som ho skulle ha vinka til gamal-Aunløa, flaut ho og  opp, og dei ærverdige madamer for i fylgje nedetter dalen.  På Engane gjekk vegen midt etter jordet, det var kasta veggrøfter, og elva fekk tak i dei og grov ut ei brei grøft fleire hundre meter. Vegen vart omlagt, men det gjekk 20 år før bestefar fekk hjelp til forbygging.

Bekken har og gjort stor skade, men det var det industrien i Kvernbekken som hadde skylda for. Det var i alt 5 kvernhus der ova vegen, og nedafor hadde oldefar sett opp tystampe. Men det kunne knipa med “mørnbøren” i blant, og i 30-åra bygde dei dam  for Øråstjønna. Men dammen rann ut for dei, og då vart kvernbekken så stor at han kom fram på jordet. Men størst skade jorde flomvatnet på Engane, for bekken hadde frå gamalt hatt laupet sitt der, men flommen braut ne demninga, tok med seg jord og stein, tre og store berg og la i haug nedunder bjørga, fylte det gamle bekkfaret som gjekk ratt i elva og tok nytt far nedetter Engane, og grov ut stygge ved sida av bekkefaret og.

Men Øråsdammen vart bygd oppatt og industrien i Kvernbekken gjekk for fult mest hundreåret ut. Men eg minnest berre to kvernhus, Skoghuset og vårt eige, og dei var i bruk mest til 1920. Stormølna tok over all melder. Men om industrien dabba av i Kvernbekken, blømde han opp i Engbekken. Far sette opp sirkelsag der som og var i drift i mest 30 år.

Til slutt litt om gamle segner, busetjing og gardsnamnet.

Det skulle vera sylv i Engberget. Det var ein gjetargut som fann det.  Sylvet hang som to kuspenar under ein berghamar, blanke og mjuke, men kor mykje han benda og braut, så fekk han ikke biten med seg heim, og ikkje var han kar om å finna att staden der han såg sylvet heller.

Og så var det segna om skatten under brettet ova garden. Det var ein som hadde hatt garden ein gong i tida som hadde grave ned pengane sine der.  Det skulle ha vore ein riking, gamalungkar var han og. Men så hadde han døydd frå pengane utan å gje anna greie enn at han såg berghamaren han hadde grave ned skatten under frå smidøra.

Det har undarleg nok ikkje vore grave etter denne skatten, og ikkje segnest det at det hadde vore leita heller, men me smågutane angra på at far skulle flytta smia frå smihaugen, for hadde berre smidøra vore til, måtte det ha gått ann å sikta seg inn til hamaren og  pengane. I 1860-åra fall det ned eit stjernerak oppi bakkane, og den hendinga skal ha frisk opp segna, for stjernerak skal søkja anten mot malm eller midel.

Garden skulle vera utgamal og busett på sørsida elva frå først av. I den tida flakka dei seg over elva på tømmerstokkar, og av det skal gardsnamnet ha kome. Då var garden større enn  han er no. Heile elvbjørga på andre sida høyrde til, og garden valda frå Tysbjørgkamen det det stod kors i berg og til Storknippen, men elvbjørga gjekk frå ein gong foreldra døydde frå borna som vart fostra på dei andre gardene som fekk kvar sitt stykkje av elvbjørga

Skriftlege kjelder fylgjer gardssoga til 1590, men jordfunn fortel om eldre tider. Soleis ein stein bestefar fann i 1855 då han grov kjellarane under stova si. Steinen som er av kvartsitt, var forma som eit skaft til eit eller anna handfang. Steinen er levert til museet i Trondheim, og det er gissa på at han har vore brukt til hein. Denne sedimentere bergarten vart brukt til heinar i den eldre jarnalder, før år 600 e.Kr., så funnet er i alle høve gamalt. I våre dagar har dei under grøftegraving på garden funne ei øks frå millomalderen.

Verd å nemna er og eit brannlag bestefar støytte på då han grov fraukjellaren. Det ligg kring ei alen nedi jorda og rekk mest over heile tufta. Nokon gardbrand finst det ikkje fråsegn om no, men etter segner lærar Sand har skreve opp, skal garden ha vorte brent av geneal Sparre under herjetoktet hans nedi Tydalen i 1678. Han laut vende ved Rolset for norske styrker som masjerte opp ved Røsnbergsberget, seier segna.  I den tida kom Ingebrigt Evensen til Flaknan. Det kan vere han som flytta låven til gards, om garden brann då. Han var svigerson på garden, og mykje tyder på at han hadde teke til med bureising på Aune.

Slik minnest eg garden. Ætter har kverve og ætter kome i staden, og garden “stend i gamle standet.” Det er snart 200 år sidan vår slekt kom.  Dei som var her før, dreiv og garden lenge. Så veit me mindre og mindre til alt grånar bort med gamle “Østen Flacktnne” som dreiv garden i 1590.

Gud sign kvar ærleg svein

som søv der under stein,

Gud sign dei, kvar og ein!