Hjem Andre skriv Ein sorgens dag

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Ein sorgens dag

Ein sorgens dag

 

Glede og sorg, ja dei ganga i lag. For ingen er vel det slik som for born.  Det leid mot haust og tida for heimflytting frå setrene. Langsetra vår i Vora på andre side dalen. Eg var ikke gjetar endå, men hadde vore med siste veka. Dagen før dei skulle flytte, vart sauene tekne heim, og eg skulle ha ansvaret for dei. Det var ikke så stort ansvar. Me hadde beite nok på Stortrøa, me kalla, eit område tett ved garden, og dit for eg om morgonen. Det var trivelig på Stortrøa, for det var born der og. Det var både eit småbruk der og ei enslig stove, og leikekamerater i båe heimane.  Eit gammalt steingjerde var leikeplassen. Og der leika med butikk og hadde garder med kyr og sauer og geiter. Slik denne dagen og. Sauene gjekk så rolige på ei tidlegare rydda, men nedlagt slåttrø. Og timene gjekk med latter og leik, og sola stod alt høgt på himmelen, då me vart var at sauene var borte.

No vart det andre greier. Ansvaret for krøttera fossa inn på meg. Gjeta bort krøttera måtte eg ikkje, aller  minst denne dagen da seterfolk var ventande, og eg opp frå både butikk og garder. Leikekameratane miste og lysten og fann vegen heim, kvar til seg.

Med meg bar det no i veg til skogs. Finna krøttera måtte eg gjera! Men av sauene var det ikke så mykje som dusta å sjå. Dei var som sokne i jorda. Og eg i veg, lenger og lenger opp gjennom skogen. Du skulle rett sjå dei hadde teke vegen mot somarsetra vår! Og eg etter, langs elvebrettet utan å nå dei. Eg stakk fingrene ned i kvar ein saulort eg såg for å kjenna om han var varm. Eg asa meg reint ut så eg vart både trøyt og klar, då eg til slutt sette meg for å kvile i bekkøyane oppe ved setra.  Svolten var eg og. Eg hadde funne ein turr plass ved ein hyl i bekken og satt no og dingla med føtene mot vatnet i hylen med eg mudla i meg brødskiva eg hadde fått med til nistmat. Å, så synd eg tykte i meg sjølv.  Eg hadde ikkje sett spor etter sauene. Å koma heim utan dei no, dei andre krøttera skulle koma heim, var så umogeleg ein tanke at eg visste ikkje mi arme råd. Då pilte ein fisk gjennom hylen. Dette kvikna meg opp litt.  Fisken måtte det i alle høve vera råd med å få tak i, så eg hadde då mat kor ille dette vart. Meir hugsar eg ikke av funderingene mine før eg var komen langt fram i marka. Eg hadde no utsyn til andre sida av elvedalen der setervegen kom ned, og der, midt i mi eiga sorg over å ha kasta bort sauene, kom kyrne dansende ned dei bratte bakkane. I staden for no å jubla i lag med dei og alle dei andre over heimkomsten, var det som skamma over å ha gjett bort sauene, vart endå tyngre å bera. Det var mest så føttene ikkje ville flytta på seg lenger. Kva skulle eg seia når dei andre storma ut or stova for å helse seterfolke velkomne og ta mot gumballane seterdeia bar i mjølkalken?

Eg var no komen fram på Kvennhjisbakkane me kalla og hadde fritt utsyn heim mot tunet og bakkane ovafor. Og kva trur du eg no fekk sjå?  Det var mest så eg ikkje trudde mine eigne auge. Men om eg turka tårene or auga aldri så vel, så stod det kjærkomne synet der like tydeleg. Det var sauene. Dei låg der heile flokken så godmette og fredelig og kvilte og godgjorde seg. Dei hadde nok berre teke ei kveldsbeit kring utgjerdene medan eg hadde sprunge marka i kross og krok og leita etter dei. Snakk om det vart fart på føtene. Så glad som eg vart då, både i sauene og alt i hop veit eg ikkje eg har vore.

11. September 1982

B.F.