Hjem Andre skriv Brura i Svarthamaren

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Brura i Svarthamaren

Brura i Svarthamaren

Av Bardo Flakne

Vil du sjå brura i Svarthamaren er det berre å ta ein tur oppover dalen frå Rolset mot Flora. Dalen er svært trong her med høge og hengbratte hamrar på båe sider. Men barskog og lauvskog kappast om å kle fjellet så her er både vilt og vakkert. Men du, som det ser ut med store steinblokkar slengde ikring over alt, vilt og vettlaust, eller velta oppå kvarandre i store røyser eller steinurer. Her må trolla retteleg ha husert. Reint vill må leiken ha vore oppe ved Storsteinen. Her står berghamrane tett i tett og store som hus. Gubben over dei alle er Storsteinen  som står og hallar seg utover ålmannvegen som gjekk her før. Like ved står Karl Johans nase med tydeleg profil av den kjende kongen. Og her er mange, mange andre.

Ikkje langt unda har du Svarthamaren. Men han er ikkje noko berg som er rive laus og slengt ned i dalen, Svarthamaren er eit bergsva det, høgt oppi dalsida, slett og blankt som ein stugguvegg. Midt i Svarthamaren står Brura, og vakrare brur ser du knapt. Står ho ikkje der midt i bergsvaet som ho skulle vera ljos levande, den slanke og stolte dama i drivande kvitt slør med slep og krans og all stelling.

Vil du sjå henne retteleg godt er det best du vender oppe ved Hestspranget og kjem nedover dalen att. Da syner ho seg i all sin glans.

Korleis Brura er komi oppi Svarthamaren, treng du  ikkje spekulera på. Det fortel segna kort og godt:

”Brura i Svarthamaren er i trollbrur det. Det var brudlaup i Trollgarden, og dei hadde vore til kyrkja. No var dei nett komne heim att, og Brura var i ferd med å åpne døra og stiga inn i berget. Då kom eit skip siglande over skyene. Det var Olav den Heilage med sin store Drake som går over berg og dal, og Brura i Svarthamaren vart til stein.”

Denne forteljinga har vore publisert i Selbyggen og i Jul i Neadalen i 1979.