Hjem Føreord

Side 5

Føreord

Når boka om heimgrenda mi Flora i Selbu no kjem ut, er det mange eg har å takke for god hjelp.

Boka, som i første rekkje er ei gards- og ættesoge for grenda, er bygd på dei vanlege kjeldene for lokalhistorisk gransking, på munnleg tradisjon og anna lokal opplysning i dokument, blad og bøker.

Arbeidet med boka har gått på i fleire år og har vori drivi som fritidsarbeid. Det vart teki opp etter oppmoding av direktør Olav Hogna som og har gjevi stort og verdifullt tilskot til arbeidet. Hogna har utført mest alt arkivarbeid og såleis lagt til rette ein stor part av til­fanget. Bror min, lærar O. B. Flakne, som har liggjande bygdehistorisk stoff han har samla, har og vori til hjelp. Hjelp er og yda med biletstoffet og korrekturlesinga.

Så vil eg få takke dosent Bjørkvik for Føreord, nemnda som har teki seg av utgjevinga av boka, dei som har gjevi økonomisk stønad til trykkinga og grendefolk for godvilje og stor interesse.

Bardo Flakne.

------------

Ein av dei mest trugne slitarane innanfor den store flokken av sjølvlærde lokalhistorikarar her i landet, vestlendingen Nils Lauvskard, såg som 75-åring tilbake på livsvegen sin, og han konkluderte med at «dei åri eg arbeidde med bygdeboki er dei rikaste eg har livt. Det var som å sjå ut yver eit stort lende der bygdi og bygdefolket stig fram gjenom hundreåri» (Heimen VII, s. 418). Gløymt var det tunge slitet og nattarbeidet, gløymt var dei personlege forsakingane og oppofringane, den elendige økonomien. Han gjorde alt arbeidet

5