Hjem Føreord

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 6

gratis og kunne berre takka for at han slapp å bera prentekostnadene; det var heradstyret som tok dei på si kappe. Korleis kunne han då seia at desse tunge slitaråra hadde vori dei rikaste han hadde levd? Han har sjølv gjevi svaret: «Ingen kjenner det sterkare enn den som er burte frå barneheimen, kor alle hans finaste hjarterøter er fast­grodde i fedrajordi. Aldri kann me gløyma den gamle garden ... , og der til stundar me til vår døyande dag, um so stovedøri er stengd fyr oss, og ingen av våre hegnar um dei minnerike stader» (Samnanger. Soga um bygdi, gardarne og ætterne, 1930, s. 157).

Det var kjærleiken til heimebygda og heimegarden som gav Lauvskard inspirasjon og dreiv han til verket. Og den ekte kjærleiken krev ikkje, den er berre innstilt på å gje. Den grunnen han var runnen av, var heilag jord, heimen var eit tempel. Dette gav perspektiv over livet, og det gav kvardagen og slitet meining; «forsona koma atter gamle tankar.» Ein av dei yngre lokalhistorikarane, og samstundes ein av dei fremste faghistorikarane her i landet, har funni ord for den same grunnkjensla med eit konkret og målande bilete. På heimegar­den står enno tre gamle eiker, som «må ha fylgt garden gjennom hundreåra. Dei sto der den gong det budde folk på Espeland og Gamle Øygarden, på Lille Mykland og Lauvås. Dei sto der då Ola Mikkelson kom til garden og den gong det vart reist ei lita firkanta kyrkje i skogholtet vest for Oppistog. Dei sto der då Vrål Tellefsen vendte heim etter å ha sont straffa på Akershus, og den gong då stor-Notto og Ragnhild Gunnarsdotter tok poteter aust i jordet i Nedistog. Vår forteljing om Myklandsgarden sluttar i 1966. Men dei tre gamle eikene skal fylgje Myklandsgrenda vidare inn i komande hundreår, då også vår generasjon høyrer fortida til» (Knut Mykland:

Myklands historie. Gard, ætt, grend, 1967, s. 107).

Kvar på sin måte har den sjølvlærde amatørhistorikaren og den universitetsutdana faghistorikaren gjevi uttrykk for dei same tankane. Det som er sams, er nett kjærleiken til heimegarden og forståinga av det verdet det har å få klårlagt røtene og ættelinene bakover.

Den same grunninnstillinga, kjærleiken til bygd, grend, gard og plass, er også merkande hjå Bardo Flakne. Han har teki for seg Floragrenda i Selbu, ikkje noko stort samfunn, avstengt og ukjent for dei fleste. Men nett fordi det er heimegrenda som Flakne kjenner ut og inn, føler seg knytt til og dregen mot, har forteljinga fått liv. Og det at grenda er lita, har ein føremon: Flakne har kunna dra inn dei minste detaljar og fletta dei inn i heilskapen. Dei framfarne genera­sjonane stig fram for oss, ikkje berre gardbrukarane, men også plass-

6