Hjem Føreord

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 7


mennene og dei som stod lenger nede på den sosiale stigen, vi lærer dei å kjenna, og vi får forståing av dei forholda dei levde under og dei vanskane dei hadde å stri med. Og det blir alt i alt mange gene­rasjonar og tusentals menneske som ned gjennom hundreåra har hatt tilknyting til grenda, har vorti fødde her, har vaksi opp, har dregi ut og kanskje følt den såre lengten og dragninga tilbake, har vorti førde til den siste kvila. Meir enn noko anna er det Bardo Flaknes store forteneste at han har greitt å få fram breidda, variasjonen, samklangen og vekslinga mellom generasjonane. Det ville vori uråd om han ikkje sjølv hadde følt seg så sterkt bunden til grenda og heimegarden. Det er også forklåringa på at han kunne gå inn i eit så tidkrevjande arbeid og gjennomføra det utan godtgjersle av noko slag.

Framstellinga gjev inntrykk av å kvila på eit solid kjeldegrunnlag, og dei viktigaste kjeldekategoriane til gards- og bygdesoga er arbeidde inn og utnytta på ein skjønsam måte (lens- og futerekneskapar, matriklar, jordebøker og folketeljingar, tingbøker, pantebøker, skifteprotokollar og kyrkjebøker). Verdfullt er det også at stoff frå bygda er fletta inn i så høg grad. Det gjeld tradisjon, opplysningar om gardgrenser o.a., men det gjeld i første rekkje den systematiske innsamlinga og fine presentasjonen av det rike namnematerialet i grenda. Her er det gjennomført eit innsamlingsarbeid av høg kulturhistorisk verdi.

Boka om Floragrenda er Bardo Flaknes verk, og han fortener takk, både av grendafolket og av historisk interesserte utanfor bygda.

Trondheim i januar 1970.

Halvard Bjørkvik.

------------

Med denne boka er eir verdfullt kulturhistorisk materiale sikra for ettertida og komande slekter. Når dette har vori mogleg, så kan det tilskrivast forfattaren, Bardo Flakne. Hans djupe interesse for histo­rie og historisk gransking har her komi den lokale historia til gode.

Som lærar i Flora i 46 år, var han ein sentral mann i grenda og vart millom anna bindelekk millom den lokale tradisjonen på den eine sida og vår felles historiske arv på den andre. Med denne spenn­vidda i perspektivet gav han alle oss som hadde den glede å sitje fram­for kateteret hans, mange ugløymande timar. I denne boka vil elevane hans få friska opp att mange av dei soger og segner han fortalde.

7