Hjem Føreord

Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 8

Heile dette arbeidet er utført utan godtgjerdsle av noko slag. Det er kjærleiken til heimstaden, og truskapen mot tradisjonane hos forfattar og hjelpesmenn som her har gjevi rik grøde. Vi er lykkelege over at grenda har fostra menn som utan eigennytte kunne ta på seg så stor ei oppgåve. Alle vi som er runne av bygdesamfunnet i Flora, har røter attende som bind oss til staden. Og vi veit alle difor å verdsetje denne boka.

Med stor vørdnad for det arbeidet som er lagt ned, og i glede over at boka no kjem ut, takkar vi frå hjarta dei som med dette har gjevi oss del i denne rike historiske arven.

Utgjevingsnemnda.

 

 

Bardo Flakne

Bardo Flakne.