Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 11

Grenda

NATURTILHØVE

Flora i Selbu er ei lita bygd langt oppe i Neadalføret, opp mot Ty­dal. Frå grendene Gressli og Hilmå i Tydal er dalen svært trong ned­over og ubygd og med tjukke granskogen på båe sider. Så vidar dalen seg ut med flater langs elvbreiddene og djuplendte bakkar og lier og lågare lende i utmarka slik at det var lugumt for busetting av gard som med tida utvikla seg til ei fager grend og fekk det vakre namnet «Frol». Sjølve dalretninga er slik at det vart god solgang i grenda, det vaks godt, og «blømde i lier». Både haver og bygg modnast og gav grøde både for folk og fe.

Slik ligg denne vesle dalbygda i dag og, som ei lita perle i den tronge renna elva Nea har gravi ut åt seg i berglandet. Ja, for straks nedanfor grenda, der tverelva Usma smett framgjennom ein trong dal frå fjellheimen mot Gauldalen, der knip dalen seg atter saman med illbratte, høge og ofte berglendte bjørger på båe sidene av den vassrike elva. Men ho går med jamn straum i dalbotnen. Frå Gresslifossen i Tydal og like ned i «Sålåsjøen», eit strok på over 3 mils lengde, er det ikkje så mykje som eit meterhøgt fossefall. På vintertida hadde ein da og den finaste isveg ein kunne ønskje seg her heile dalen opp­over til fossar og stryk tvinga folk på land. Etter elva er det fari som­mars tid og, med tømmerflåtar og plankflåtar som vart losa nedover under flaum. Og i eldgammal tid har truleg den lette elvbåten, sauma ihop av skinn, vori nytta både ned- og oppover elva. Namnet på elv­stryket «E-e» (Eidet) tyder på det.

Elva var ellest ikkje å spøke med. Etter eit døgns silregn, eller

11