Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 20

like vel dette sterkt i den lei at «Frorem) og «Udhuss» i listene frå 1590-åra er ein og same gard.

Det var gjerne slik at eldste garden i ei grend vart den største garden. Heilt til Uthusgarden vart delt for godt i 1660-åra, var han den største garden i Flora. Han var den einaste som i alle jordbøkene vart ført opp som «fullgard». Grensa for ein «fullgard» var frå 1648 ei landskyld på 2 spann, men i alle lister som finst, er bonden på Uthus rekna som «fullgardsbonde». Dermed hadde han og utetter ein høgare sosial stan­dard enn dei andre bøndene i grenda.

Av det me no har gått igjennom, er ikkje noko prov funni som er så sterkt at det åleine er fullgodt til å peike ut Uthus som den eldste garden i Flora, men alle prov peikar i same lei, og det er difor ingen grunn ta å tvile på at Uthus er den eldgamle Frol-garden, og som har gjevi grenda namn.

Kvifor namnet kom bort er ikkje godt å seie, men det er ikkje uvanleg at eit gardsnamn kjem bort, men går att som grendenamn eller bygdenamn.

Mest truleg er det at den opphavelege Frol-garden ein gong i eld­gammal tid har vorti delt i to gardar - på same måten som Uthus vart det i 1660-åra - og slik har den ytste fått namnet Uthus. Etter ei tid har gardane vorti slegne saman att, og dermed vart det bruk for berre eitt namn og dermed sigra smått om senn Uthus-namnet.

NÆRINGSVEGAR GJENNOM TIDENE

Dei naturlege næringsvegane i grenda er jordsbruk, jakt og fiske og skogsbruk. Ved sida av dei har gruvdrift og den eldgamle kversteins­drifta spela ei viktig rolle, så lenge dei vara.

Når det gjeld jordsbruket, kan ein gå ut frå at det alt frå første stund har vori eit viktig grunnlag for levemåten. Det er truleg at den første jorddyrking var å grava opp den første vesle åkerreita. Desse var lagt i solvendte bratte lier og bakkar, gjerne ved sida av vollen eller jordet bureisaren etter kvart rydda kring husa. Og åkeren var på same rom år etter år, også etter han kom inn på jordet. Om det gamle reitbruket har ein minne i stadnamna Retinn på Ørås og i Øverdalen, ein fjellgard nord for Rotla. På båe stadene ligg reitene til sides for jordet og har i seinare tid vori bruka til engslætte. Nede i hovud-

20