Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 26

i veg. Mellom 60 og 70 personar vandra ut frå FJora innan hundre­årsskiftet, og utvandringa heldt fram enda eit ti års tid.

Ei av dei gamle næringsgreinene som heldt seg lengst, var småvilt­jakta, som for det meste vart drivi av småbrukarar. Snarefangsten gjorde mest av seg, og Rotldalen var likaste terrenget, og mang ei tung bør er bori fram over fjellet gjennom tidene. Rekorden i så måte har sikkert Anders J. Bjerken og Ole P. Bjerken som kom att med 142 fuglar ein gong frå Drøydalen. Det var i 1907, det var så mykje rype nokre år da. Karane var heilt kvite av fugl dei hadde festa på seg.

Heimeyrket har eigentleg ikkje hatt større å seie før i seinare tid.

Folk laga det dei trong sjølve på gardane, og det kunne slompe det vart levert ein eller annan ting, men slikt var sjeldan. Ein og annan kunne og ta med sleiver o.l. når han for på storbygdene på onnearbeid, men slikt forslo så lite. Det vart kvinnfolka som skapte husfliden i bygda, først og fremst med totrådbindinga, men og med veving av åklede, strømpeband og meir.

VEGAR OG ANDRE KOMMUNIKASJONAR

Innestengd som Neadalføret ligg med fjell på alle leider og med øyde og uvegsame strandliner langs Selbusjøen, har dalføret hatt svært dår­leg vegsamband med byen og grannebygdene. Det var sjøen som var framkomstmiddelet. Det var båten om somrane og isvegen om vint­rane, stuttare eller lengre stykke nedover sjøen. Frå Teigen i Klæbu var det veg, som karakteristisk nok er kalla «Ståggån». Vintervegen gjekk over Draksjøholla til Jonsvatnet med som regel avkjørsel av Sel­busjøen ved Amdal.

I 1860-åra fekk bygda veg frå Jervan til Fuglem. Men det var ein dårleg veg, og om sommaren gjekk hovudferdsla framleis etter sjøen, og no med veg frå Brøttem. Først ved hundreårsskiftet fekk bygda skikkeleg veg med hovudvegane frå Hommelvik og Hell.

Innan bygda var det ikkje nokon vognveg før i slutten av 1820- åra. Da vart det bygd veg oppover dalen til Tydal.

Vegen kom stort set til å følgje den gamle kløvvegen og vart lagt på nordre side dalen med overgang over elva i Flora, og vidare over myrane til Hilmo, med bru over elva der.

I Flora var det ikkje snakk om å byggje bru, og her vart det ferje-

26