Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 12

i seine vårflommar vart ho mektig stor og stengte mest for all overferd­sel, for elva er så brei, at det fanst ikkje bru over henne frå gammalt før ein kom opp til Hilmo i Tydal. Om vinteren var elva heller ikkje å lita på alltid. Linnver med regn kunne føre til at ho gjorde isdam og kom bry tande med bulder og brak heilt oppe frå Krokane eller like frå Gresslifossen og strauk ut i Kvitlene i Øverbygda og enda lenger somtid. Da kunne ho gjera stor skade og var til stort mein for ferdsla.

Dalføret på dette stroket mellom Selbu hovudbygd og Tydal går i nordleg retning. I same retning har Flor-markene si største utstrekning, 18-19 km frå Bukkhammaren i sør til tverelva Rotla i nord. Andre vegen, aust-vest, rekk dei nok ikkje så langt, berre 7-8 km. Heile flatevidda er kring 135 km2.

Mesteparten er fjell og ryer eller anna lite nyttbar mark. Høge fjell ligg og stengjer på alle leider mest og gjerder bygda inn.

Bukkhammaren ligg i sør og er høgst av fjella, nær 1100 m. Her grensar Flora mot Haltdal kommune. Det er gammal vegleid over fjel­let her til Gauldal. Her kom general Armfeldt med storhæren sin i 1718 og her har bygdefolk køyrd kvernsteinane som dei selde på Rø­ros. Her har det og fari hopar av onnefolk frå Stjørdal og andre fjord­bygder, folk som tok arbeid kring Røros.

Mot vest er og flormarkene avgrensa av fjell, her mot hovudbygda. Her ligg Bringen og ruvar i landskapet mest like høg som Bukkham­maren. Lenger nord ligg Vorfjellet som tøyer seg like fram mot dal­sida og stengjer for utsynet.

Frå Vorfjellet held høgdedraget fram nordover langs dalsida og lagar grenseskil.

Ved Ørås går grensa over dalen, og held fram over Våttåfjellet på nordre side. Her stod Øråsveten. Og ein meir ideell plass for ein vete kunne ein knapt finne.

Frå Våttåfjellet går grenselina i Rotla, som lagar naturleg grense­skil mellom markene, Ved Svartbekken støyter Flora mot Rotldal stats­allmenning. Sidan er det fjell att som set skil. Her ligg tre store fjell: Gruvfjellet, Måltoppfjellet og Melshogna. Melshogna er 1033 m høg. Dei andre eit par hundre meter lågare. Alle tre ligg frampå dalsida og stengjer på denne leia, som Vorfjellet gjer det på den andre. Gruvfjellet har namn etter Gammalgruva. Det vart funni malm her i 1708, og i 1719 var Koparverket i full gang med smelthytte på Mølnå. Malmvegen gjekk etter ryane mellom dei to dalføra, og over Øråsen og ned i dalen ved Rolset. Elles køyrde dei etter elvane når det var isveg.

12