Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 30

etter at ruta vart delt med skilje på Flaknan. Men dei køyrde igjennom som før og køyrde kvar sin dag. I 1909 vart det oppretta landpost­rute frå Flaknan til Svelmo, og Ingebrigt tok over den.

Ole J. Flakne var første poståpnar i Flora, og posthuset var på Flak­nan til 1939 det vart flytta til Handelsforeninga.

SJØREGULERING OG ELVUTBYGGING

Stillsleg og roleg låg sjøane oppe i fjell-landskapa gjennom alle hundreåra og gjorde teneste som farvegar vinter- og sommarsleite og gav rikeleg med fisk til mette for folk, også sommar som vinter. Med elvane var det omtrent på same måten. Men dei kunne fløyme styg­geleg opp og gjera stor skade på åker og eng, og vinters tid komme brytande med is- og snødam som vart til stort mein for overfart og samferdsle på vekesvis. Sams for både elv og sjø var det at om dei var til stort gagn og useieleg nytte og glede for alle menneske, så var dei og på same tid noko farlege å omgåes med. Var ein ufor­siktig og ikkje omtenksom nok, så var ikkje venskapen menstørre frå ver­ken elv eller sjø enn at dei båe var lumske nok til å plukke åt seg både den eine og den andre inn i drukningsdøden når ulykka var ute. «Å nei, Vatnet e' faleg, det. Tryggast e'det å vårrå på land,» sa dei da.

Sjøar og vatn, elvar og bekkar hadde gjennom tusenåra sett sin mektige stempel på naturen og har vori med å leggje trivnad og ro­mantikk over heile landskapet. Men båreskvulp, elvsus, bekkesilder og fossedur, - alt dette som høyrer romantikken til, fekk anna å vita av da 1900-åra kom med fosseutbygging, elvregulering og oppdemning av sjøar og vatn.

Det var Trondheim by som starta opp med å byggje ut Nedre- og Øvre Leirfoss. Så kom regulering av Selbusjøen. Og så bar det til å sikre seg rettar med tanke på oppdemning og fosseutbygging i Tydal. Såleis vart Nea kraftverk til og Essandsjøen og Stuesjøen og ein stor nylaga sjø, Sylsjøen, oppdemde. Hittil hadde ikkje Flora vori så serleg med i alt eventyret. Men elva Nea tok til å slå vri på seg. Det var syn­bert at ho mislika seg, for ho skapa seg til på ein annan og heilt ulik måte enn ho hadde gjort før. Ho ville ikkje vera snill å leggje seg i ro og sova under det kvite isdekket til vinters, som ho hadde hatt for vane før. I staden gjekk ho open og botngrøn og gav frå seg ein kaldsur kvit frostrøyk som trengde seg inn og la rim på uthusveg-

30