Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 31


Hegset-dammen.

gene hos dei som budde nær elva. Verst var det at det laga seg sorr og is-sørpe på elva, og som vart tjukkare og breiare dess lenger nedover det bar. Og til slutt pakka det seg saman og demde opp heile elvlaupet, laga katastrofal isskruing og stengde samferdsla til Flora og Tydal, så det vart nausynt å frakte med helikopter ei tid. Vitskapleg sak-kunne og andre vettuge sa at grunnen til det heile var det sommaroppvermde vatnet som no om hausten og utover vinteren smått om senn vart slept ut av dei svære magasina oppe i grensestrøka. Den varme temperaturen i elvvatnet var årsak til at elva ikkje isla seg, men gjekk open. Og slik ville det framleies komme til å bli.

Dette vart eit stygt strek i rekninga, og det var greitt at ein måtte finne rådbot som var verksam. Og rådbota var å leggje elva i tunnel og byggje eit nytt kraftverk. Og såleis vart

Hegsetfoss Kraftverk

planlagt og bygd ut på ganske kort tid 1959-62. Og dermed kom Flora og med i den gigantiske utbygginga av Neavassdraget.

Utbyggingssjefen var overingeniør Tormod Moxness. Og det som no kjem er eit utdrag av ein artikkel overingeniøren skreiv i Adresse­avisen 20. september 1963.

Hegsetfoss kraftverk ligg ved Nea, for ein del i Tydal, men mest i Selbu. Nedslagsfeltet åt Nea er 1550 kvkm ovafor Hegset, og vatnet

 

31