Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 33

Transportproblemet fram til Hestspranget med dei tunge maskin­kolli gikk mest betre enn venta. Transformatoren var på 42 tonn og vart køyrd på ei 32 hjuls tilhengarvogn. 5 dieselvogner framfor drog heile doningen, som samanlagt vog 72 tonn. Dei tok «vadet» på gam­malviset breidd den altfor veike brua over Væla, men både Hilmo­brua og den nye brua ved Hegset greidde overfarten godt, men med ei viss spenning mellom dei som såg på er det fortalt.

Eit anna problem viste seg etterpå. Det var vassproblemet i Flora for dei som tok drikkevatnet frå brunnar som hadde tilsiget frå elva. No vart vassføringa i elva så lita at brunnvatnet ikkje fekk fornye seg og vart surt eller heilt kom bort. Så måtte det bli bygd vassverk, og samstundes eit trykkbasseng med tanke og på eit resservoar i tilfelle brann.

Mykje er og gjort for mest moleg å minske verknaden av at «elva er teki bort» 15 km av sitt laup. Men tørrlagte elvar grin alltid utri­veleg mot ein. Og ein merkar også i den fagre fjellbygda Flora at «sølvåra» er kommi bort i dalføret.

BJØRN OG ANNA UDYR

Av rovdyra var det bjørnen, vargen og gaupa som var dei eigentlege udyra, Det var desse rovdyra som drap og skamfor krøtera og som bumannen frå første stund måtte ta opp kampen mot.

Av desse tre var bjørnen den verste. Så seint som i 1851 slo bjørnen ihel 21 naut i Selbu attåt alt småfeet han gjorde etter med, enda bjør­nen var på retur i Trøndelag da, så skottpremien var sett ned. Det hadde nok vori enda verre før.

Det var lite det dei kunne sette opp mot bjørnen. A prøve å skyte han om sommaren, var mest ikkje å tenkje på. Bjørnen var vidfarande og kunne vera langt unna når skyttaren kom. Ellest var bjørnen god til å gjømme seg, så han var ikkje lett å komme innpå.

Det var ikkje anna råd enn å passe krøtera seint og tidleg. Ei god hjelp hadde seterfolka i hundane, Dei var pågåande og var ikkje redde for å hengje seg på bjørnen når han kom mot buskapen. Ei god råd var å skræme han. Seterdeiene banka på storkjelen og slo i veggene med økshammaren og kauka, gjerne med grovt mål, så bjørnen skulle tru det var karfolk til stades.

Men bjørnen var ikkje så god på det han heller. Ein mann som

33