Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 34

hadde kommi på setra for å jaga bjørnen, vart berre heit da han opp­daga at bjørnen lura etter han og var like i hælane på han da han gjekk til volls att. På somme setervollar kunne bjørnen bli så arm at dei beint fram laut slutte å bruke dei. Det skal vera tilfelle med fleire setrar i Flora. Folk var og redde for å arge på seg rovdyra. Ein skulle såleis ikkje nemne rovdyra på namn, når ein var i skogen, for ikkje å kalle på dei.

Denne trua hang i så lenge det var bjørn på traktene. «Du skal ratt sjå at bjørnen kjem åt deg, du som nemner han på namn», skjente ei seterjente på veninna si ein dag dei var i gjetlskogen. Ho hadde undrast om det kunne vera bjørn som skrærnte geitene for dei. No kom bjørnen og, men til den andre.

Det var no ikkje noko moro å møte bjørnen. Denne bjørnen stod brått framfor setertausa og hamla etter ein killing, men veik unna for kaukinga og ullsjalet som ho slo mot han med.

Dette hende kring 1870. Bjørnen kom bort ved den tid, og denne bjørnen skal ha vori den siste som viste seg på markene her.

No var ikkje alle bjørnar farlege. Ungbjørnar som ikkje hadde fått smaken på rov, kunne mest gå og beite i lag med krøtera. Grastuskar kalla dei slike bjørnar. Men ingen kunne vita om bjørnen var ufarleg eller ikkje, og ein kan tenkje seg korleis det måtte kjennast å møte skogsens konge slik for verjelause folk.

Hadde bjørnen vori framme og slegi ned dyr, frista dei å lokke han under bjørnefoIl, eller ta han med sjølvskott (bjørngilder ). Det var eit apparat med tre-fire børseløp montert på eit brett med ei innret­ning slik at alle skotta gjekk av samtidig. I seinare tid kom gleksa i bruk. Det hende det vart teki bjørn på jakt og, helst når han kleiv opp i tre for å gjømme seg.

Dei fleste bjørnar vart tekne i hi. Bjørnehia kunne dei tilfeldigvis støyte på om vintrane, men dei fleste hi visste dei om frå hausten. Dei lurte på bjørnen og kvervde han inn, gjekk trøer kring han og gjorde ringane mindre og mindre og fann på den måten ut kvar omlag bjørnen roa seg. På etterjulsvinteren leita dei så opp hiet og skaut han.

Dei som var så heldige å kverve inn bjørn, hadde både pengar og mat i vente. Det var berre å få med ein dugande bjørneskyttar. Utan det var jakta for vågsam.

Eit bomskott mot ein tirra og rasande bjørn, kunne få farlege følgjer.

Det var ikkje moro å komme ut for bjørnen. Det gjekk på nervane for seterfolk å sjå og vera vitne til at bjørnen i ein handvending

34