Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 35

slakta ei ku. Det var ikkje rart det stod redsle av han, og ein må berre undre seg over at folk torde vera på setra med krøter om somrane.

Enno lever minnet om bjørnen i mangfoldige soger som har vorti hugsa og fortalt. Her er nokre av dei:

Ein sommar tok bjørnen ei ku for Kari Bjørken, Ho setra på Svart­tjønnvollen. Krøtera var komne til volls som vanleg, var hatt i hus og både folk og fe hadde roa seg. Midt på natta vakna kona av bæljing og styr frå fjøset. Ho opp og ut. Borte på, vollen stod ein stor bjørn og vera mot fjøset. Ho hugsa brått den dårlege stengsla for inngangen. Det var ikkje skikkeleg dør, berre nokre strangar som var reist for døraholet. Korleis skulle dette ende tru? Inne i fjøset var det eit under­leg styr. Kyrne hadde sliti seg, og der hufsa bjøllekua stengsla frå døråpninga og kom settande ut. Og no fekk Kari sjå eit syn ho mest ikkje hadde kunna drøymt om. Utan å bry seg om seterdeia som kau­ka og skreik, sprang bjørnen på bjøllekua, slo henne ned med eit ein­aste slag av labben og reiv juret unna henne.

Dei andre kyrne som no storma ut, vart som ville. Dei sette mot bjørnen med hovuda mot jorda for å ta han. Bjørnen som ikkje kjende seg trygg lenger, tok til rømings med den rasande bølingen etter seg. Seterdeia hadde sitt fulle hyre med å roa dei og få dei til volls att. Småfeet hadde og stroki til skogs. Men bjørnen såg dei ikkje dusta av meir på heile sommaren.

I Hegsetbjørga kom det bort ei ku ein sommar. Etter lang leiting fann dei henne dau på toppen av ein haug. Det var nok bjørnen som hadde vori på ferde. Men korleis var kua komi oppå haugen? Bjørnen måtte ha dregi henne dit. Til stor undring fann dei bjørnen og, like dau som kua. Han må ha vorti skadd i kampen, og etterpå asa seg ut i maset med å slita den tunge kuskrotten opp på haugen.

Folk var ikkje trygge for udyret nede i bygda heller. Ein haust­kveld slo bjørnen ihel likaste kua til Ragnhild Brautan, berre nokre steg frå husa.

På Blisteråsen, ei seter under Flaknan, var bjørnen framme rett som det var, men gjorde ikkje serleg fangst. Krøtera vart gjette .som over alt, og fjøset var godt trygda med klampar, 4 toms digre plankar lagde oppå kvarandre i døraholet. Bjørnen greidde nok ikkje å slå sund denne stengsla, men kasta til gjengjeld møkkdynga frå gluggen ein gong og prøvde å komme seg inn der.

Ein merkeleg bjørn var han som sette nasen inn i kofteryggen på Torkjel Klevan, Torkjel, ein gammal gubbe i sikofte, var på veg til setra. Komen opp i åsane, sette han seg på ei tuve og kvilte, og da

35