Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 36

helste bjørnen på han. Gubben ana ingen ting før han kjende bjørne­snuten mot ryggen. Han skyna straks kva kar som var ute og for, men gjorde ikkje meir oppstyr av det enn å skuve til bjørnen med hand­bogen. «Husj,» sa han «gå din veg!» Og som om bjørnen skulle ha skyna både ord og geberder, luffa han vekk like stille som han hadde kommi.

Ein annan gong såg ikkje møtet så venskapeleg ut, men denne gon­gen gjekk det og vel. Dei gjette attpå bjørga, og best det var hadde dei ein bjørn midt inne i krøterhopen. Den eine budeia (det var to av dei) vart vettskræmt og la på sprang og bjørnen etter. Ingen veit kor­leis dette ville ha enda, men lykka var at budeia snåva og vart ligg­jande langflat. Bjørnen bråstansa med ein labb på kvar side av henne. Den andre budeia skråla og skreik, og før dei visste ordet av det, var bjørnen som sokken i jorda, og ikke så mykje som ein killing hadde han teki.

Budeiene kunne vera utruleg herduge. Om ei er det fortalt at ho tok att ein killing midt framfor nasen på bjørnen som hamla etter han med labben. Setra låg midt i tjukke skogen, og bjørnen kom drivande med geitflokken inn på vollen. Geitene sprang mot fjøsporten og bjør­nen etter for å henta seg ei steik. Dei hadde ein halvstor gjetargut, som hadde sagt seg så berg at han skulle jaga bjørnen om han kom, men no vart det ingen ting med han, livredd som han var, vart han stan­dande berre å stire og ynke seg. Det var ein til og som var redd, og det var hundskvelpen, som gjømte seg i seterskjølet. Men gammalhun­den hang på bakenden av bjørnen og reiv og sleit så hårskura stod. Han var sprek enno, gammalhunden, enda det var tanken å bytte han ut no. Budeia var heller ikkje borte. No måtte hundskvelpen herdast, og ho inn i skjølet etter han. Geitene var no komne like til fjøsdøra, og bjør­nen hamla alt etter ein killing, da budeia kom ut med kvelpen i fanget og hivde han bort på bjørnen samtidig som ho nappa killingen frå han. Men da kjende ho dei strie verhåra på snuten hans mot handbaken sin.

Ulv og gaupe gjorde og stor skade på krøtera. I 1890-åra var det reint slemt.

Største skade på buskap vart gjort av varg på Vorvollen om hausten 1899. Då reiv 2 vargar ihel 29 sauer på ein times tid og mange til vart bitne.

36