Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 37


Gaupjakt i Hegsetbjørga 1924.

1. rad frå venstre: Einar Flakne, Anders Bjerken, Edvard Sørflakne, Peder Hegli, Jakob Næss, Peder P. Bjerken og Johan Bjerken. 2. rad: Johan Næsmo, Torsten J. Hegset, John J. Bjerken, John Tuset, John Næss, Peder Hegset og John A. Bjerken.

Dei hadde ikkje fjøs til småfeet, og sauene låg ute på vollen. Var­gane kom frå Bringen der dei hadde vori sett av jegrar dagen før. Dei kom i 6-tida om morgonen og dreiv sauene ned i bjørga og innover mot Storbekken. Over alt låg det daue og halvdaue sauer etter den blodige ferda. Vargane berre drap ned, tok så vegen til fjells att utan å gjera seg til gode med eit einaste dyr.

Om vinteren kunne ulven vera nærgåande. På Øråsplassen stod to ulvar og stira inn fjøsgluggen ein morgon kona skulle gå til fjøset. Ho trudde det var revar og sprang inn og varsla karane. Dei vart fort var kva slag «revar» som hadde vori framme. Det vart sett i gang jakt på udyra, men utan resultat.

Ein køyrar var og ute for vargen ein vinterkveld, og det på allmann­vegen og. Det var i 1897 midt på etterjulsvinteren. Mannen som hadde kona med, hadde vori i gjestebod nede i Øverbygda og var på veg heim til Flora. Det var seint på kvelden, klårt og kaldt. Komne opp til Langsetenget visste dei ikkje ordet av før ein grå skugge skaut fram unna ei granteIle neda vegen. Det var ein ulv som no gav seg til å lang­kute i elvsteiga jamnsides hesten, tydeleg for å nå framom han. Hesten tok ut, og i rasande fart gjekk den uhyggelege ferda etter den smale vegråsa. Kring 1 km lenger opp, ved Flakne-Engene, vart det for åpent

37