Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 38

lende for vargen som svingte av over elva. Men hesten var framleis ikkje til å styre. Han rente på med same ville fart heilt opp til Moa­brauta. Der lykkast det endeleg å roe han. Litt oppskaka var nok dei som satt i spiss-sleden og. Det hadde ikkje smolli ordet i nokon av dei med kapplaupet stod på.

Det var mykje gaupe og i desse åra.

På Øråsplassen gjorde gaupa stor skade ein haust. Ho beit ihel 7 små­fe for dei på ein gong. Å få has på udyra var ikkje å tenkje på. Men tre år seinare fekk mannen att litt for umaken. Han tok to gauper på gift. Heradstyret hadde da løyvd ekstrapremie på gaupe og varg, så man­nen gjorde eit godt kast. Det vart 130 kroner for gaupene.

Etter hundreårsskiftet var det stille for udyr til fram i 20-åra, Da var gaupa framme att, og no vart det teki tre gauper på traktene her. To vart skotne i Hegsetbjørga og ei gjekk seg på gift ved Rolset. Den siste jakta var ikkje så lite dramatisk. Mannen hadde lagt ut åte til reven, og ei natt var han komen og dreiv og grov i snøen etter det. Så hadde gaupa kommi lurande. Det synte etterpå kvar ho hadde stått og sett på reven til ho med eit veldig hopp hadde teki han. Mannen som på dette viset hadde tapt reven, la no ut gift til gaupa, og nokre da­gar seinare hadde han henne. Det var ei kjempe av eit eksemplar. Skrotten vart senda til Bergens museum.

Det kom no ei fredeleg tid att for udyr. Men i 60-åra har gaupa vori på ferde att, og det er felt tre dyr, alle på Øråsmarkene, som er slikt eit gaupeterreng. Det vart skoti to i 1965 og eit dyr året etter. Dei to første er utstoppa og er gjevi, den eine til Øverbygda skule og den andre til skulen på Bell.

I 1957 fann dei bjørnespor i Hegsetbjørga. Eit saukadaver og andre merke etter bjørnen fann dei og. Sidan vart det stilt om bjørnen i fleire år til dei i 1964 fann både spor og drepne sauer etter han både i Flora og i Øverbygda. Andre året var det likeins. Bjøllesauer var han hadsk etter. Det var som han ikkje tolde bjølla. Ein stad fann dei ei bjølle slegi flat mot ein stein. Bjørnen heldt til i Øverdals- og Rotl­bjørgtraktene. Her såg det ut som han tenkte å roe seg og. I Litl­vollbjørga hadde han emna på hi åt seg. Det var hatt ut så mye jord som det skulle ha vori tufta til eit hus. Men ingen såg dusta til sjølve bjørnen. Sommaren etter heldt bjørnen til i traktene kring Singsås og

38