Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 39

 

Støren og reiv mykje sauer der. Det vart jakta på han og, men utan resultat.

Våren 1967 fann dei bjørnespor i Flora att og følgde faret mot Ørås­traktene, og no var det nære på dei skulle ha teki bjørnen. Jaktlaget som drog i veg, fann han i Rotlbjørga og dreiv han framover mot Ørås der det var sett ut vaktpostar. Men bjørnen lukta lunta, svinga og gjømte seg i det stygge terrenget i Hesjedalen. Seinare la han vegen attende til Gauldalen der han truleg og hadde hatt vinterlosjiet sitt, og der vart han skoten.

Veglina mellom dei to jaktterrenga til bjørnen gjekk om Rotldalen, og Essandsjøen og over Tya ved Stugusjøen.

NAMNGJETNE BJØRNESKYTT ARAR

Det har vori mange namngjetne bjørneskyttarar i dalføret, men meis­teren over dei alle har truleg Ole Pedersen Tuset i Flora vori. Han var fødd i 1709 og vart 82 år gammal. Han låg og baska med bjørnen seint og tidleg og vart kjend både vidt og breitt utover bygdene og i byen og, for den saks skuld.

No skaut han ikkje berre bjørn han Ola, han jakta på mykje anna og, rev og fugl og alt slags vilt. Ein gong hadde han 12 tiurar på ryggen da han kom rennande utover Tusetlia om kvelden. Ein gong skaut han ein elg og. Han hadde kommi på sporet og sette etter på ski og trøyt­ta ut dyret.

Men det var bjørnskytinga han vart namngjeten for. Dei henta han Ola langvegs unna for å ha han med på bjørnejakt. Men så vart det bjørnjakt som forslo og, - 82 bjørnar skal Ole Pedersen ha vori med og teki etter det segna vil veta, eller like mange bjørnar som han var år gammal da han døydde.

Men dette talet er nok i høgaste laget og truleg vorti til ved ei slags ombytting av tal og hendingar. Talet på bjørnar han tok skal truleg vera 72. I 1781 var Ole Pedersen Tuset 72 år gammal, og det året har han fått 20 dalar av Vitskapsselskapet i Trondheim «for utrydd­else av rovdyr». Då hadde han skoti 72 bjørnar, altså like mange bjør­nar som han var år gammal. Og det er vel lite truleg det vart større bjørnskyting etter den tid.

Men mang ein våe var han Ola borti på bjørnjaktene sine, og sogene om Ole Pedersen eller Ol'Persen som han er kalla, var ganske levande

39