Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 13

Parti frå Flora.

På Melshogna støyter Flora mot Tydal kommune. Herfrå går grensa etter beine liner over dalen mot Bukkhammaren. På nordsida kjem grensa ned omlag midtveges mellom grendene. Den nær mila lange elv­bjørga her kallest Kubjørga. Her gjekk allmannvegen i nær hundre år og var audkjend for sine mange krokar og svingar og bratte brauter. I den tronge dalglipa elva her har gravi ut står Hegsetdammen som demmer opp ein sjø som rekk oppover til Hilmo. Damfestet ligg på nordre side på Flora sin grunn. På sørsida ligg det på Hilmo, da gren­selina på denne side går lenger vest.

På sørsida elva er landskapet lågare med myrer og skogåsar i jamn stigning mot fjellet. Her ligg bureisningsfeltet Nekåbjørga.

Frå fjell og myr leitar bekkene seg fram mot dalen, lagar vatn og innsjøar og fell til slutt i «Storelva» som bekker, åer eller elvar. Størst av dei er Rotla som kjem frå Rotldalen og renn i Nea ved Rolset. Nest største elva er Usma som kjem frå Bukkhammaren. Ho lagar Usm­sjøen som ligg like under fjellet. Renn så rett mot vest til ho møter Garåa som kjem frå Bringen. Held så fram gjennom den djupe og tronge Usmdalen.

I Usma har det vori fløtt tømmer frå utgammal tid. I 1890-åra bygde Th. Angells stiftelser, som eig mesteparten av skogen langs elva, fløtings­dam for Usmsjøen.

Ei mindre elv kjem frå Lid-Kalvsjø ved Bringen. Det er Råna som

13