Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 40

 

enda kring siste hundreårsskiftet. Her eit par soger, mest etter «Sel­byggen», der dei stod i 1892.

Ein vinter hadde nokre høykøyrarar i Øverbygda merka seg at ikkje alt var som det skulle vera oppi Hesjedalsbjørga. Dei meinte det måtte vera bjørnehi oppi der ein stad. Da dette spurtest oppi Flora, ville Ola iveg og leite opp hiet med ein gong, og ein morgon var han på veg med børse og stelling for å finne bjørnehiet, følgd av en dunge med karar som ville vera med på leiken.

Komne ut på elvbjørga i Hesjedalen, sette dei seg for å kvile, og her vart brennevinskaggen tømt. Dei hadde no smaka på han før og, på vegen, og Ola var no ikkje den som heldt seg unna når det galdt slikt, så bror hans syntes han laut tala åt honom, for dei visste alle, at skulle det bli noko bjørnskyting på far, laut dei ha han Ola på stellinginn. Men han Ola meinte det var ikkje så farleg med det, og best det var klemte han iveg utover elvbjørga så fort at dei andre ikkje vann å følgje han. Komen ned i bjørga eit stykke, fekk han sjå bjørnhiet og stelte seg borttil, stakk skistaven inn gjennom opninga og kauka inn til bjørnen: «Er du vaken må du kom ut, for ikkje vil eg stela livet av deg.»

Før han visste ordet av, kom ein svær rugg av en bjørn brytande utor hiet og grein og flekte tenner mot han. Og da var det ikkje fritt anna enn han vart litt klomsen han Ola. Men her var berre eitt å gjera - han fekk ta flukta - og utover den illbratte elvbjørga bar det med den rasande bjørnen etter, ferdig til å kaste seg over han. Komne ned på Rotla, heldt kapplaupet fram, og med det gjekk slik i tvikut nedetter elva, fekk han Ola vridd børsa av aksla og stakk hen­ne under venstre armen med rotten peikande mot bjørnen. Og så bren­te han laust. Bjørnen gav ut ein kallkauk så det reiv i bjørgene, og da han Ola stana på for å sjå attende, låg bjørnen og drogst med siste andtakom. Da kameratane kom etter, satt Ola midt oppå bjørnen nokså roleg, og skulle til å få seg mat, hadde funni fram både smørøskja og flatbrødet utor sekken, og han kunne vel trenga ein matbit og et­ter denne turen.

Ja, det var nok på nippet med han Ola da han skaut bjørnen i Hesje­dalen, men verste basket han var borti, var nok likevel da han skaut kvitbjørnen på Namdalseidet.

Dei var så ille plaga av ein kvitbjørn der. Bjørnen heldt til i ein gørrfloe attmed allfarvegen, ålgalen etter krøter. Folkvond var han og. Mange hadde prøvd seg på å skyte han, men til inga nytte. Så spurtes det at det skulle vera glupe bjørnskyttarar oppi Selbu, og med ein gong

40