Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 41

gjorde dei iveg ein kar, eins ærend for å få tak i ein. Komen til Selbu, vart han vist oppi Flora åt'a Ol'Persa. Og namdalingen i veg og fann fram til Tuset.

Etter å ha seti ei stund, bar han fram ærendet, men Tuset'n var ikkje retteleg låten på å vera med, men det vart så han lova det til slutt, og om morgonen skura dei iveg på skiom,

Da dei kom vil byen, og sølvsmedane fekk vita kva som var på ferde, støypte dei ei kule av sølv og gav han, for da skulle han vera sikker på å ta bjørnen, meinte dei.

Men da han Ola kom åt Namdalseidi, torde ingen følgje han og visa han kvar udyret heldt til. Til slutt truga dei med honom ein finn, som dei tykte dei kunne ombera om gali skulIe vera.

Komne oppåt floen, sprang no finnfarken sin veg, og Ola vart stå­ande att, mo åleine. Medan han stod der og glåmte etter bjørnen, fekk han sjå han. Bjørnen stod og drog ver, han kjente nok lukta av kristen manns blod, og meir og meir yr vart han. Ola drog seg nærare og nærare, og der fikk bjørnen auge på skyttaren og kom leggande i tvikut over myra berre så spruten stod, og det var berre så vidt at han Ola fekk tid til å spenna hanen på børsa si og ta sikte og brenne av, før udy­ret var kommi så nær at det var ferdig til å kaste seg utover han. Men da skottet small, fekk han alltids daudhogget sitt bjørnen og. Kula hadde råka bjørnen midt i bringa så han stupte stein daud. Sølvkula var god ho.

Da Namdalseidingane fikk vita korleis det hade gått, visste dei ikkje kva velgode dei skulle gjera han Ola, og så la dei på han retteleg ei ryggbør med pengar, som han skulle ha for umaken.

Siste bjørnjakta Ola var med på, var han ikkje så uvleg ein kar len­ger. Dei laut draga han til skogs den gongen. Han var så herja av gikt at han greidde ikkje å gå. Men han Ola måtte dei ha med, skulle det bli bjørn, meinte dei, og så sette dei han på ein langslede og drog han til skogs, og sitjande på langsleden, skaut Ol 'Persen sin siste bjørn.

Ein annan namngjeten bjørneskyttar i Flora var Ole Johnsen Flakne.

Han levde mest hundre år seinare. Han tok ikkje så mange bjørnar som namnen på Tuset, men når det galdt mot, stod han nok ikkje attanfor føremannen.

Ole Johnsen var med og tok 14 bjørnar, og som med Ol 'Persen hadde halvparten av dei falli for hans eiga hand. Ein av bjørnane felte han med spjut, som ikkje var vanleg lenger.

41