Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 42

Talet på bjørnar Ole Flakne tok, er attestert av lensmann Schive i ein søknad bjørneveidaren sende amtstinget i 1853 om ein ekstrapremie for innsatsen han hadde gjort. Nokon premie vart det ikkje, men inn­satsen var like stor for det, for det var ikkje liten skade bjørnen enda gjorde i bygda. I 1851 hadde bjørnen slegi ihjel 21 naut i bygda attåt alt småfeet han gjorde kål på, opplyser fogden.

Men første jakta Ola Jonsen var med på gjekk ikkje så bra. Det var lite om å gjera det hadde gått menneskeliv den gongen.

Denne bjørnjakta gjekk føre seg i Usmbjørga i 1821 og bar slik til:

Karane møttest tidleg ein morgon på etterjulsvinteren, 5 mann i ta­let på Sørflakne og drog i veg for å ta bjørnen. Dei 5 var Ingebrigt Øråsplassen, brørne Ola og John Flakne, Knut Tuset og naboen Ola O. Tuset.

Knut og John rente innover Usma og skulle leggje seg på post der.

John hadde enda militærgevær. Han var på eksis. Dei andre tre karane rente inn bjørga og skulle ta hiet som var på vestre sida av dalen. Det gjekk fort å finne det. Bjørnen hadde gjømt seg under ein bergham­mar i den bratte elvbjørga, og det var ikkje lett å komme inn på han. Ola Johnsen kleiv ned på hammaren og kunne derifrå så vidt sjå ba­ken av bjørnen. Han gav han eit skott. Men det gjorde ikkje bjørnen større skade. Bjørnen fræsa opp, steig på to og flekte tenner og grov med labbane inn på hammaren til skyttaren, men greidde ikkje komme opp. Til Ola hadde vunni å få ny kule i børsa, hadde bjørnen gjømt seg, og neste skott gjorde ikkje meir skade enn det første, men no tok bjørnen ut, og beint nedover bjørga bar det med han.

Skyttarane som låg på post nede på elva, høyrde skotta og trudde jakta var avgjort da dei høyrde andre skottet. No var dei på full fart over elva for å komme seg til dei andre da bjørnen brått smatt fram or tellskogen og kom rett i mot dei. Karane tok til rømings. Men det tok ikkje bjørnen lang tid å nå dei, og han Knut som var sist av dei, vart riven over ende, og bjørnen la seg på han. Kameraten fekk ge­været av aksla i ein viss fart. Å skyte var ikkje å tenkje på, slik mann og bjørn låg tvinna om kvarandre, men John fekk gjevi bjørnen eit drag over skallen med geværkolben, og den dasken redda truleg livet hans Knut. Bjørnen dovna av slaget, men fritt om at han slepte karen han hadde under seg, og John vart standande og slå og slå til han stod att med snaue børsepipa. Det var ellest ikkje så like til å slå heller, for det styn slik i Knut unna kvar dask, at det var som det skulle vera han som fekk slaga.

Endeleg slepte bjørnen taket - raga frå karane mot elvbjørga der

42