Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 44

Hiet var i Høglia på andre sida elva. Ola hadde ikkje nemnt ordet til nokon om at han visste om bjørnehi. Men ein morgon sa han til kvinnfolka at han kom att med bjørn til kvelds, han dreiv på det hard­aste med høykjøring frå utmarka, og hadde hest og høyslede denne da­gen og. Kvinnene trudde han berre for med gap, og tausa som stamma litt, svara med same mynt: «Ska-ska mi te å hengpå gry-gryta, kanskji?» spøkte ho. På det fekk ho ikkje noko svar, men han Ola kom att med bjørn om kvelden, og det tre og. Attåt binna som han skaut, kom han att med to ungar som han tok levande. Han hadde to børser med den gongen. Yngste sonen stod og heldt den eine, medan den eldre sonen tirra bjørnen ut or hiet med ei stang.

Bjørnungane vart tamme som hundkvelpar og var til mykje moro.

Om våren når småfeet vart slept ut, leika kvelpane med killingane, fan­ga dei og heldt dei med labbane, men øvde aldri på å bite. Ola hadde dei heime til St. Hansmarknaden. Da vart dei selde.

Siste bjørnejakta hans Ola gjorde han svært så namngjeten. Det var den gongen han brukte spjutet.

Ola hadde mang ein gong tykt han sakna dette våpenet, og til sist fekk han son sin til å smide seg eit spjut. Sjølv var han visst ingen kar i smia. Han var innpå 60 år han Ola da, og ingen trudde vel han skulle få bruk for spjutet. Men det vart no slik likevel.

Sjølmannen på Hegset hadde kvervd bjørn denne gongen. Hiet var på Nekåbjørga, og denne løyndomen hadde dei to haldi tett med til det var høveleg tid å ta bjørnen. Da drog dei avstad, Ola med hunden, som han hadde bundi i beltesreima si, og det nye våpenet som var skjefta på skistaven med ei slire over. Bjørnbørsa var og med sjølvsagt.

Komne til staden der hiet skulle vera, høvde det slik at kameraten måtte gjera eit ærend for seg sjølv. Ola ville nytte tida og sjå seg om, om han kunne finne bjørnehiet, og slepte til nedover hallinga mot elv­brettet. Da hende det underlege at han rente rett over hiet. Bjørnen vart tirra og kom ut i full fart. For Ola kom dette reint uventa, men her var berre eitt å gjera. Skulle det bli bjørn, måtte det bli med spjutet. Børsa hang godt innsurra over aksla. Han sleit i slira for å få henne av, men no feklast det litt for han, og det hadde så nær kosta han livet. Det seinka så mykje at han ikkje råka bjørnen som han skulle. Spju­tet glei på bogfjøla og gjekk i bakkroppen, og no vart det kamp. Bjør­nen ville innpå karen og han måtte med all makt halde han frå seg. Kampen enda like brått som han tok til. Bjørn og mann kom på kvar si side av eit tre på stupet mot elvbjørga. Der rauk skistaven, og bjør­nen tulla rundt og for utfor hammaren og kom ikkje att.

44