Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 45

Oppelda av kampen skyndte jegeren seg opp til hiet og kom tidsnok til å skyte ungen som flekte tenner mot han i hiåpninga. No først kom kameraten, og karane kunne fara heim. Binna fann dei dagen etter. Ho låg daud oppå bjørga på andre sida og hadde spjutet i seg.

Binna vart køyrd til Hegset og slakta inne i daglegstugu slik skikken var ved bjørnslakting.

Kona som fortalte soga hugsa karane. Ola var i si fulle manndoms­kraft enda, rauleitt og brusen.

Denne bjørnjakta gjekk føre seg i 1853 og vart siste jakta hans Ola. Han døydde 2 år etter, 62 år gammal.

SKULEN OG LÆRARANE

Da kong Christian VI sende ut si «Forordning om skolen i Norge» i 1739, vekte den slik motstand at kongen laut lempe på reglane. I ein plakat, som kom fire år seinare, vart det overlate til bygdene sjølve kvar for seg i samråd med biskop og stiftamtmann å sette sku­len i gang etter kvart som dei fekk råd til det. Det var først og fremst utgiftene som ville følgje skuleordninga, og med dei nye skattar, som skapte uvilje. Dernest at folk tykte dei ikkje ombar borna i arbeidet.

Sjølve krava til skuleordninga vart det og minka på,. Etter «For­ordninga» og innstruksen som følgde den, vart klokkarane tilhaldne under «-embeds fortabelse-» å halde ordendeg dansk skule både vinter og sommar. Dette vart det lempa på så det skulle vere berre vinter­skule.

Attåt klokkarane skulle det tilsettast så mange lærarar i bygda som bisp og stiftamtmann fann at det trongst.

I Selbu kom ikkje skulen i gang før i 1748. Biskopen, Ludvig Har­boe, heldt visitas i bygda den våren, og han har nok purra på om å få skulen i gang. Det var Rosenvinge som var prest her da, og han laut nok sette all sin autoritet og fysiske styrke attpå, segnest det, for å få skulen i gang.

Den 7. juni har så presten med 12 av dei beste mennene i bygda vedteke skulefundatsen for Selbu.

Bygda vart deli i 3 skuledistrikt: 1. Stranda - Innbygda, 2. Me­bond - Øverbygda, 3. Mosletta - Vikvarvet - Sjøbygda.

Flora skulle leggjast til Tydal som hadde kommi i gang med skulen for fleire år attende. Det skulle vera ein skulehaldar i kvart distrikt,

45