Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 46

og lønna var 20 dalar om læraren kunne lese og skrive og katekisere så nokon lunde. Kunne han berre lære dei å lese og litt skriving, skulle han ha halv lønn. Ein ny skatt, skuleskatten skulle skaffe pengane.

Alle som dreiv jord skulle svare 12 skilling. Ungkarar over 15 år skulle betale 6 skilling og jenter over 15 år skulle betale 5 skilling. Læraren sjølv skulle krevje inn skatten.

Det skulle vera omgangsskule frå mikjelsmess til mai, og alle gard­brukarar hadde plikt til å halde skulen med rom ei tid kvar, og læra­ren skulle ha kosten og losjiet der han var. Borna frå dei næraste gar­dane skulle møte, og vart skulen halden på ei travel tid, skulle berre dei minste borna møte.

I Tydal kom skulen i gang frå januar 1740. Dei slapp skuleskatten der. Dei ordna det slik at kyrkja som hadde faste inntekter av eige­dom, skulle løne læraren av sine årlege inntekter så lenge ho hadde noko til overs, «men skulde Kirchen lide fattelse, da have Almuen det i mellom sig aftalt, at ville selv lønne sig en Skolemester», står det. Vedtaket er gjort i mars 1740 i nærvær av soknepresten, og ­«er hannem (læraren) af os undertegnede bleven accorderet 26 Rdlr. aarlig».» Peder Hansen Klokker, Peder Olufsøn og Bersvend Larsen Ystebyen har skrivi under, og vedtaket er approbert av soknepresten.

Første omgangsskulelæraren i Tydal heitte Sven Olsøn Helen. Han var utanbygds frå. Attåt skulearbeidet dreiv han som skinnfeldmakar. Satt med feldarbeidet attåt han passa på borna. Han hadde ein svær saumring som var laga av reinshorn, og den stod det respekt av. Den som ikkje satt roleg eller fann på eitkvart, kunne vente seg ein knipp i panna av saumringen.

Etter Sven Olsøn, må det vera klokkaren som har haldi skule, og han var truleg første læraren i Flora. Han var frå Per-Hansa-garden i Gressli og skreiv seg for Peder Hansen Greslien.

Det finst to manntal etter han, eit over Tydal og eit over Flora og Stormoen. Det første er dagsett 3. novbr. 1762 og underskrivi. Det andre har korkje dato eller underskrift, men er sikkert frå same tid. Berre vaksne og born over 12 år er oppført.

I Flora var det da 10 gardar, 9 husmannsplassar og 6 inderstar.

Det var 42 mannspersonar og 52 kvinner, i alt 94 ibuarar, born under 12 år frårekna. På Stormoen var det 10 menn og 6 kvinner.

Peder Hansen Greslien døydde i 1777, 76 år gammal. Son hans, Hans Pedersen er og kalla skolemester og har nok hjelpt faren med skulearbeidet. Han vart berre 41 år gammal, døydde 3 år før far sin.

Etter desse vart Bernt Saksesen Skolemester, lærar i Tydal. Han

46