Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 47

var bror til Henning Saksesen Stuedal, og var i følgje med han til Danmark i 1777. Dei bar fram søknad til kongen om å få drifta ved Granskar-gruvene i gang att, da det vart slik stor naud etter dei vart nedlagde.

Bernt Saksesen var siste tydalslæraren som heldt skule i Flora. Flo­ra gjekk frå i 1795, og den lønn læraren tapte ved det, skulle kyrkja spe til. Det var framleis same ordninga med lønna til læraren i Tydal.

I denne tida da Flora var lagt til Tydal skuledistrikt, vart borna og konfirmerte i Tydal. Folketalet auka mykje i Flora i denne tida, og det var ofte mange konfirmantar frå grenda. I 1781 var det eit re­kordår såleis med i alt 10 konfirmantar frå Flora. Utjamna var det litt over 3 for året.

I 1795 fekk Flora lærar i hop med Øverbygda, og Renald Skule kom som lærar. Han var da alt kommen opp i åra, hadde vori lærar i Me­bond - Øverbygda frå 1781. Han heldt på til 1827 og hadde da vori lærar i 46 år. Han skreiv seg for Reinholdt Pedersen, Han var gift og budde på Skulbakken i Mebond. Det er fortalt mange soger om han. Han skulle ha det med å skjenke seg litt, men skulle ellest stå på god fot med borna.

Ein gong han flytta tyriet sitt frå Rønsberg til Rolset, gjorde dei han eit spell lell, men Renald lest ikkje som han ansa det. Han hadde bedi dei største gutane hjelpe seg å dra kjelken, og så fekk dei like­sågodt læraren til å sette seg på kjelken og. No hadde det vori regn, og det var vasskjøver i vegen, og så bar det beint igjennom dei, så spruten stod og læraren vart gjennomblaut til dei kom fram. Da kjer­ringa på garden ville til å lekse opp med kniktane, berre hyssa han Renald på henne og sa: «Sei ingen ting, Marit, gutane hjelper meg dei.»

Etter Renald vart Jens Johnsen Sesseng lærar i Flora. Øverbygda hadde da vorti skuledistrikt for seg sjølv, og Flora, Mosletta og Kolset slegi ihop til eitt skuledistrikt.

Jens Sesseng var sterkt religiøs og var ein samvitsfull lærar. Han brukte sandkasse som borna fekk skrive i, og dei flinkaste lærte både å rekne og skrive. Det var helst gutane som fekk denne opplæringa, fortalde ei kone som hadde hatt han som lærar.

Jens var ikkje helsesterk og vart ikkje lærar så svært lenge. Han budde i Sessengsjaret som han og var i frå, og døydde der. Han var ugift.

Etter han kom Thomas Berntsen Overvik, og han var siste omgangs­skulelæraren i Flora. Han hadde same skuledistriktet som Sesseng. Han

47