Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 48


Lærar J. Jørgensen.

var fødd på Overvik i 1821, var lærling hos I ngebrigt Arntsen Vigen i 2 år før han vart tilsett som lærar. Han var gift med Inge­borg Torkildsdatter Eidem, og frå 1847 budde dei på Uthuslia på Mosletta. Dei hadde fleire born. Skuledirektør Bernt Thomassen Overvik var son deira. Thomas Berntsen slutta som lærar stutt tid etter skulelova av 1860 kom. Han døydde i 1896.

Etter den nye skulelova skulle det ikkje vera omgangsskule len­ger. Skulen skulle vera fast og i eigne skulerom.

I Flora vart det leigd skulestove på Tuset austre. Dei leigde nystova, og der held skulen til i 28 år.

Skulen vart to-delt med 9 veker skule i kvar klasse. Amdal krins vart lagt attåt Flora, og der var det og 9 veker, men samla skule.

Jensens lesebok vart teki i bruk, og fleire nye fag vart innført i skulen.

Som ny lærar i Flora kom Jørgen Jørgensen, tilsett i posten i 1866, same år som han tok eksamen på Klæbu seminar. Før han hadde Petter Furan haldi skule her, men det finst ingen protokoll før 1868, så ein veit ikkje nøgje når den siste omgangsskulelæraren slutta.

Jørgensen var fødd på Slind i Vikvarvet 1846. Foreldra var Jør­gen Olsen Slind og Ragnhild Torsteinsd. f. Lilleevjen. Jørgensen vart gift med Brynhild Ingebrigtsd. Hårstad og budde på Hårstad, austre som han hadde kjøpt.

Jørgensen var lærar i Flora til 1903 då han vart sjuk og døydde.

Han hadde da vore lærar i grenda i 37 år.

I 1889 kom det ny skulelov, og skuletida vart da utvida til 12 veker i kvar klasse. Læraren i Flora som hadde hatt 9 veker i Amdal fekk no 6 skuleveker på Kolset i staden. Siste året hans i Amdal var vin­teren 1890-1891.

Naturfag og geografi vart no sjølvstendige fag. Dei hadde før vori knytt til leseboka.

I 1888 flytta skulen inn i nybygd skulestove. Den stod på Sko­gan like ved allmannvegen, som kom til å tene som leikeplass. Skule-

48