Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 49

stugu var av dei vanlege, einhøgdes, med eitt klasserom og gang og kammers. Stugu hadde ei grunnflate på 10 x 15 alen med kvadratisk klasserom. Det var stubbgolv og underloft, utvendig bordkledning og skifertak. Stugu var gulmåla utvendig. Innvendig var berre dører og vinduer måla, og det var berre tømmerveggene over alt.

Det gamle inventaret, ein skulepult på fire bein og langpultar med lause benker vart flytta med, men i 1894 fekk skulen to-mannspultar og nytt kateter.

Skulestugu vart og det sjølvsagde forsamlingslokale ved bibelles­ningar og misjonsmøte.

I 1922 vart det sett opp ny skulestugu i Flora, etter teikning av sku­ledirektør Thomassen Overvik. Den har 2 klasserom og lærarbustad.

Hausten 1916 vart lærarposten i Flora utlyst med 36 veker skule, derav 10 i Mebond. Veketalet i storskulen var da auka til 14 veker. I 1922 vart det full lærarpost i Flora med 33 veker skule, av det 18 i storskulen og 15 i småskulen.

Etter J. Jørgensen har desse vori lærarar i Flora.

Johan Furan,Selbu
Olav Austad,
Innerøy        
M. L. Uglem,
Selbu  
A.
Ø. Frøysadal, Sunnylven    
Bardo Flakne,
Selbu      
John Bjarne Lien,
Selbu (konst.)  
Oddrun Kulset,
Selbu
Hanne Lise Barmann,
Trondheim                        
Sverre Hegset,
Selbu

1903-1904
1904-1908
1908-1912
1913-1916
1917-1962
1962-1967
1967-1969
1969-1970
1970-

LA G S V E R K S E M D

Det gjekk som eit vårver av idealisme over landet i slutten av førre hundreåret. Det kom i gang folkevæpningslag og frilynte ungdoms­lag utover bygdene. Fråhaldsrørsla hadde og vind i segla, og det vart stifta samanslutningar av meir økonomisk karakter. Fleire sparefore­ningar kom i gang.

Til vår grend nådde og ideane. Me fekk rett nok ikkje folkevæp­ningslag i grenda, men fleire ungdommar rådde seg med børser og øvde seg i skyting, og var truleg med i folkevæpningslaget nedi hovud­bygda. Men grenda fekk både ungdomslag og avhaldslag, og ei spare­forening og i 90-åra.

49