Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 14

renn bak Vorfjellet og stuper utfor elvbjørga i ein prektig foss eit stykke nedanfor Usma. Framande som reiser gjennom dalen stanar gjerne for å sjå den veldige fossen, om elva går i flom. Det har ho truleg gjort da Gerhard Schønning reiste her i 1773, for han omtaler fos­sen i reiseskildringane sine, «en artig cascade», skriv han.

Lengst nord renn Storbekken ut for bergsvada i elvbjørga nede ved Eidet og lagar grenseskil mot Øverbygda.

Gjer me så eit hopp attende, har me oppe mot Hilmo ei lita elv som heiter Nekåa. Ho kjem frå Evsjøen og renn i Nea etter eit stutt men nifst elvefar som truleg har gjevi elva namn. Også her har det vori fløtt tømmer. Huitfeldt som åtte skogen her kosta på elva i 1920-åra og bygde dam for sjøen, og det vart sidan fløtt tømmer her i mest 30 år, til vegar og bilar tok over. Etter den oppdemde sjøen kunne dei fløte tømmeret frå myrane langt innafor. Nedanfor dammen sørgde damvatnet for å skysse tømmeret på Storelva. Men Nekåa var ei hard fløtingselv som gjorde kål på mang ein spir, men var likevel lønsom.

Så eit par ord om Fjoromsbekken. Han kjem ned midt i bygda og er grensebekk mellom Neset og Uthus - Tuset si utmark. Nede i dal­botnen renn bekken vestover under elvbjørga og blir kalla Melabekken etter garden der den renn i Nea. Denne part av bekken er omtala i ei rettssak på Neset 1750 og er kalla Krokbekken som høvde godt, så mange krokar bekken gjorde her før han vart beinka.

På nordre side dalen er det berre mindre åer og bekker. Størst er Hærdalsåa eller Halvdagsåa. Ho kjem frå Måltopptjønna og renn et­ter ei lita dalskor ned Kubjørga til ho stuper i elva. Det er ellest man­ge bekker i Hegsetbjørga, som den part av Kubjørga som høyrer til Flora kallest. Ein har Brannbekken, Hellbekkene og Øybekken som er dei største. Hellbekkene har truleg namn etter «heller». Dei renn tett saman og køyrer seg i elva utfor eit meir enn 30 meters høgt stup, medan Øybekken pilar ned etter ei renne i berget som etter ei kvern­tro. Ned i grenda på denne sida kjem tre større bekker. Den største kjem ned midt i grenda og kalles t Brynnåa. Dei andre to er Hegset­bekken og Kvennbekken ved Flaknan. I alle tre har det vori kvern­hus. Men Kvennbekken var industribekken over dei alle. Der stod det 5 kvernhus og ei tystampe i siste halvpart av førre hundreåret. Bek­ken kjem frå Øråstjønna som dei hadde dam for. Opphavleg har bek­ken hatt utlaupet sitt i elva lenger nede ved Flakne-Engene der ei grein av han framleis går. Men bekken er truleg frå gammalt grøfta mot garden for å gje kvernvatn. Til slutt skal ein nemne Øråsbekken eller Vollabekken ved Øråsvollen.

 

14