Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 50

Ungdomslaget kom først. Det vart stifta om våren i 1894. Me veit ikkje så mykje om skipinga av laget eller arbeidet i denne tida da det ikkje er teki vare på møtebok eller anna, men laget vart stifta av læ­rar Johannes Løvås etter det folk har fortald.

Striden om flagget var på det kvassaste i denne tida, og det «reine» flagget (utan unionsmerke ) vart samlingsmerke for dei frilynte ung­domslaga. Ungdomslaget i Flora, som hadde fått namnet Dalrosa, rådde seg og med reint flagg, fortel lokalbladet Selbyggen.

Syttendemaifeiringa var fast post på programma for ungdomslaga, og 17. mai 1894 vart flagget heisa for første gong. Det var i lang tid det einaste flagget i Flora. Flaggstonga var reist attmed skulestugu, og det som gjer at den historiske hendinga har vorti hugsa, er truleg det at snora hoppa av trinsa så ein av ungdommane laut klive opp.

På festen, som vart halden på Skogan, var det tale av læraren J. Jørgensen, og så var det taler av Ole Flakne og av Bersv. Tuset, fortel lokalbladet. Dette skal ha vori første syttendemaifesten i Flora, det ein veit.

I 1896 vart og syttendemaifesten halden på Skogan fortel bladet. Da var det og festtale av læraren med taleretterpå av garvar 0. Paulsen, Berge og Ole Ørås, for fedrelandet og for flagget.

Kva ungdomslaget ellest dreiv med, veit me lite om, men det var ungdomslaget som gjorde opptaket til at Spareforeninga vart stifta, og laget har nok og hatt føre seg spørsmålet om kapell for grenda og. Kvenn som var formann er ukjent, men mykje tyder på at det var John  J. Tuset. Lagsarbeidet dovna i medan av, og ved hundreårsskif­tet var det heilt stille.

Det same var tilfelle med avholdslaget. Det vart stifta året etter ungdomslaget, den 8. desember 1895. Denne lagsstiftinga var godt førebudd. Stortalaren Peder Svendsen hadde fari gjennom dalen og haldi foredrag her ein månad før, den 7. november. Han reiste for IOGT, og 14 stykke meldte seg til ei losje. Nokor losje har det ikkje vorti, og grenda fekk eit totalavhaldslag i staden. Dette vart stifta av redaktør 0. Aas med same antal medlemmar som dei som melde seg til losjen.

Laget fekk Ole Ørås til formann, O. Flakne til nestformann og J. Tuset til skrivar. Men laget arbeidde tungt, og etter eit par-tre år vart det nedlagt.

Meir levedyktig var tredje laget som vart stifta, Florens sparefor­ning. Den vart stifta 26. november 1894 etter opptak av ungdomslaget, som hadde sett ned ei nemnd til å førebu saka. Med i nemnda var

50