Grenda
Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67 Side 55
Korpset har vori svært populært og har spela ved mange anledningar, i kyrkja i jula, under 17. maifeiringa og ved mange høve. På sangens- og musikkens dag har korpset vori med i fellesfeiringa over bygda, og korpset var vori på fleire turar. RELIGIØST LIV - KYRKJA Det religiøse livet har vori knytt til kyrkja. Dit gjekk vegen ved så mange høve, og folk vart bundi til kyrkja med sterke band. Kyrkjebakken var samlingsstaden for allmugen, som her fekk høyre nytt og ellest hadde mangt føre seg. Men presten var midtstolpen. Det stod både age og vyrdnad av han. For dei fleste var presten «han far» som dei såg opp til. Av prestar veit ein berre om to før 1600, Annfinn og Torfinn, den siste var prest her i 1541. Så kjem Laurits, prest her i 1627. Sidan har ein samanhangande rekkjefølgje: Povel Pedersen, Svend Henriksen og Melcior Meyer, den siste svigerson til føremannen. Kona heitte Riborg. Førernennene var gift med kvar si syster, Anna og Margrethe Bernhoft, Kyrkja er gammal. Den eldste delen av henne trur dei er frå 1100- 55 |