Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 15

I Rotlbjørga, som dei kallar Flormarkene nord ved Rotla, har me alt nemnt Svartbekken som renn gjennom Svarttjønna. Frå Kjerringtjønna og Elgtjønna renn det bekker med namn etter tjønnene. Største bek­ken her er Libekken som kjem frå Grossvolltjønna og renn ned Liåsane.

Flora er ei typisk skogsbygd. Myr og fjell dekker rett nok meste­parten av området, men her er kring 60 000 da barskog, og av det 50 000 som er produktiv. Ståande kubikkmasse er rekna til 200 000 m3 med ein årleg tilvekst på rundt 4000 m3 brutto.

Skogen veks godt i dei tronge dalane og kan nå svære dimensjonar, som t.d. kjempegrana dei hogg i Buåsdalen nedanfor Flaknan i 1908. Ho var 25" på 14 alen og heldt 9" på 46, Der hadde grana kløft med spir som heldt 4" på 6 alen. Lengda på grana er rekna til 37 m og mas­sen til7 m3.

Jordsbruket har vori viktigaste næringsvegen, og den samla dyrka­jorda er på ca. 1500 dekar. Jordsmonnet er leir, aur og myr. Nedbørs­mengda er på 795 mm og medeltemperaturen 7°. For sommarmåna­dene juni-august er temperaturen 13°. Nedbør og temperatur ligg godt til rette for jordsbruket, og det veks godt.

Frå gammalt har det vori 11 gardar i Flora, ført i matrikkelen under numra 108-117. 8 av dei gamle bruka ligg på nordsida elva og 3 på den søre sida. No er det 44 bruk, jamnt fordelt på dalsidene. Vel fjerdeparten er bureist i 30-åra, mest alle på bureisningsfeltet Nekå­bjørga. Feltet, som ligg på Bakkmyrane, ligg omlag 400 meter o.h. Men her blir fullmogi korn i normale år. Likeeins potet. Dalbotnen ligg på ca. 250 o.h. Det blir varmt om somrane i den tronge dalgryta, og ein reknar med årviss kornavling.

Storfonna i Vorfjellet ligg rett nok langt utover somrane, men når ho til slutt tinar bort etter først å ha delt seg i to, har åkeren skoti aks. Derfor heiter det frå gammalt: «Når det er ku og kalv i Vor'n, er det måttå konn i Flor'n.»

OLDFUNN

Det er i sjølve Flora ikkje gjort mange oldfunn som kan tidfestast serleg langt attende. Ingen gravhaug er påvist, og ikkje noko sikkert gravfunn er gjort frå før-kristen tid.

Men at folk har ferdast i traktene heilt attende til steinalderen viser ein pilspiss av skifer som er funnen 500 meter nordaust frå Bellingsjøen

15