Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 60

han, var kanskje mest kjend. Han gav ut ei bok og, Tørseth-boka. Tørseth var lam i føtene og vart frakta i seng. Når han skulle halde møte, vart senga bori inn i stugu og sett på bordet, og John sat i senga og tala. Han skal ha tale ved kyrkja og. John Tørseth var frå Rindal.

Mange lekpreikarar fór som emissærar for Det norske misjonsselskap, og det vart stifta misjonsforeningar utover bygdene.

Flora fekk si misjonsforening i 1875. Ein utsending frå misjonssel­skapet, Ole Kallem, hadde nyst vori i bygda og oppmoda folk i gren­da til å stifte misjonsforening. Kallem var frå Ryfylke. Misjonsfo­reninga vart stifta den 2. mai 1875 på Tuset, austre, av John Knutsen Ørås som åpna møtet med salmen «Vær trøstig Zion Kristi brud.»

John Knutsen Ørås var floring, f. på Tuset, vestre. Han var ein kjent lekpreikar, myndig og sterk i forkynninga. Han reiste som emis­sær for misjonsselskapet ei tid.

Floren misjonsforening gjekk i over 50 år. Det var ei mannsforening, nærast. Møta vart haldi berre på helgedagar og i middagstida, Det var vanlege oppbyggjelege møte med utlegging av teksten og opplesing av stykke fra Misjonstidende. Møta vart alltid avslutta med opptak av kollekt. Den første tida heldt dei misjonsmøta på gardane. Etter sku­lestugu vart bygd, vart dei haldne i den. Gunder Drivold var første formann. Etter hundreårsskiftet var det sonen, Ole Drivold som var formann og heldt møta. Ole Drivold tok mot lekpreikarane og var den sjølvsagde leiar av det åndelige arbeidet innan grenda. Han tala ved gravferder og introduserte prestane og tilreisande. I grenda var han den sjølvsagde sjelesyrgjaren som vart henta til dei sjuke, eller han gjekk sjølvmint og var til hjelp for mange. Han døydde påskemorgo­nen 1940.

Ved sida av denne misjonsforeninga var det misjonskvinneforening. I den seinare tid har det frivillige arbeid helst vori samla om sjuke­pleie og sanitet.

FLORA KAPELL

Flora kapell vart innvigd 9. oktober 1936. Det var ein stor dag for grenda som det hadde vori sett fram i mot i lang tid. Det van litt av eit omskifte og. Frå å ha ein kyrkjeveg på over 2 mil, stod no Guds­huset midt i grenda.

Avsides som Flora har legi med både lang og tung kyrkjeveg, var

60