Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 66

Bardo Flakne, Peder B. Hegset, Didrik Næss, John G. Drivold, sok­neprest Børset med Ole P. Sandmo som varamann.

Kapellet vart ein kjær samlingsstad for grenda med stort oppmøte til gudstenestene i mange, mange år framover, og det har alltid vori omfatta med godhug både i grenda og av utflytta. Nye gaver er kommi og mykje frivillig arbeid er nedlagt for å gjera Gudshuset og kyrkje­garden vakker. Kapellet har fått plysjteppe framfor alteret, kosta av Ingeborg og Ole Bakken, og i skipet er det kommi opp gardiner for vindua og løper på golvet, ordna og kosta av utflytta damer.

Palmesundag 1959 vart det nye orgelet innvigd. Det er laga av Brø­drene Torkildsen, Åsen og kom på vel 33.000,- kroner. Kommunen yta 16000,- kroner. Resten er innsamla. Seinare har kapellet fått flomlys, og no arbeider dei med steingjerde kring kyrkjegarden. Det er ferdig mot vegen, og ein vakker handsmidd jarnport pryder no inn­kjørsla.

 

 

66