Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 16

i Bukkhammaren. Såvidt ein kan skjønne er det på Flor­trakter. Men funnet er gjort av ein haltdaling, og det er registrert som Haltdalsfunn.

Utanom pilspissen som er omtala ovafor, er det og i dei aller siste år funni ein pilspiss, av skifer. Det var oppe på Øråsmarka, og den er innlevert og registrert av Vetskapsselskapet i Trondheim. Like eins ei jarnøks fra vikingtida, på Skogan øvre, sør for husa.

Eit tilslipa steinstykke - mest som eit avbroti handtak av eit eller anna handfeng - vart funni av John Olsen Flakne i 1855 da han grov kjellar under stugulåna sine. Han tok vare på funnet og det er regi­strert i våre dagar. Det er av kvartsit, og det er gissa på at det har vori bruka til hein.

Det er elles i grenda gjort funn i jorda av heinar på ein 2-3 stader, etter det folk har fortalt. Det låg fleire saman og ein stad var dei nokså lange og grannvorne, men av fin blåheintype. Heinene er alle «for­hågå» og inkje er registrert.

Øks frå vikingtida, funni på Skogan øvre,

Ymse funn av jarn, som godt kan vera gamle, er og gjort, men desse funna er vonde å tidfeste. Merkelegast er kanskje tre sakser, på skap som vanlege sausakser funni i Branden og på Fossen. Den eine av dei skilde seg ut ved at det på handtaket var påfesta nokre metalrin­gar til stas. Konservator Pettersen sa at dei kunne gå att på 1400- talet, men at forma var den same også langt tilbake i jarnalderen.

 

 

ELDSTE GARDEN I GRENDA

I dei fleste grender er det svært vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg, å finne fram til med noko nær visse kva for ein gard som er den eldste eller kvar den eldste garden låg.

Det finst fleire vegar til å røkje etter dette: gardsnamna eg alderen på dei, storleiken på gardane, arkivgranskingar, kva tradisjonen seier, og så bortetter.

Det er ikkje uvanleg at den eldste garden set namn på grenda eller bygda. Dersom me i dag hadde hatt ein - og berre ein - gard med

16