Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 17

 

namnet Flora, hadde det vori eit omlag sikkert prov for at det var eldste garden i grenda, Men no finst det ingen gard med namnet Flora eller eit liknande namn.

Frå gamle dokument i Riksarkivet i Oslo går det fram at det i gam­mal tid, og heilt fram til omlag 1600, fanst ein gard med eit slikt namn.

I 1520 er nemnt ein gard Ffroell (N. R. J. Bind Il s. 194). I 1559 er nemnt garden Fraal (Liste over skipsskatten av Trondhj. len 1557- 59), og i 1593 er nemnt garden Froren (Ludvik Muneks jordebok over ledingen 1592-93).

 

Slagbord for oppstandarvev, funni under skoggrøfting på Brynnåmyra, Tuset austre.

Det er ingen tvil om at grendenamnet kjem frå denne garden da grenda på den tid heitte det same (Friol, Frolen, Froren osb.), og den dag i dag seier tydalingane Frola.

Men så står det att å finne ut kva gard det var som heitte slik:

Me kan truleg sjå bort frå gardane på sørsida av elva, for den første busettaren ville knapt slå seg ned på «husmåssåsida».

På solsida er Flaknan, Uthus, Tuset, Bjørka og Hegset gamle gardar. Tuset er den garden me finn først nemnt i arkiva. I erkebiskop Aslak Bolts jordebok som er frå åra 1430-1440 står det:

«af Thufuasætre ½ mr. wegin b.f.
«½ spann j Friol.

Det var i tidsbolken 600-1000 svært vanleg å gje gardsnamna endinga -set i Trøndelag, men nyare tids gransking viser at gardar med denne endinga som regel er bureisingsbruk i utkanten av ein eldre gard. På reint språkleg grunnlag kan en difor seie at både Tuset og Hegset er gått ut frå ein gard i Flora som er eldre. Det finst heller ingen ting i arkiva eller tradisjonen som peikar i den lei at korkje Tuset-gardane eller Hegset har skift namn.

Uthus derimot treng ikkje vera noko opphavleg eller sers gammalt namn, Uthus tyder den ytre garden akkurat som Utigarn, Utistugu osv. Namnet kan komme av at den er ytste garden i ei grend, eller den ytste av 2 gardar som opphavleg har vori ein, men som seinare er delt. Det ser ut til at professor Rygh i sitt verk «Norske Gaardnavne» har

17