Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 18

nøgd seg med den første forklaring. Han seier: «Den ydre Gaard, «den ligger nederst i Florens Hovedgrænd».

Lat oss sjå nærare på det:

I Ludvik Muneks jordebok som ligg ved lensrekneskapen for året 1592-93 og finst i Riksarkivet, er ledingen ført opp med:

(Same liste finst omlag ubrigda for 1590-91).

Flagne   ................

4

Mc S(dvs. smør)

6

6

mc miell

Froren   ................

16

«

«

1

1

pd

«

Ness      …............

8

«

«

 

½

«

«

Hegsett ….............

11

«

«

17

17

mc

«

Udhus   ….............

16

«

«

1

1

pd

«

Tuersett  ..............

8

«

«

 

½

«

«

Birckenn ...............

«

«

2½  mc

«

Me skal seinare sjå at det truleg er eit mistak i denne lista, men dette kan ein ikkje seie for visst. Lat oss difor først gå ut frå at lista er heilt rett.

Her er altså alle dei gamle gardane i den eigentlege Florgrenda nemnt. Båe Tusetgardane er nemnt, men berre ein Uthusgard. Kva annan gard kan då «Froren» vera enn ein av Uthusgardane?

Froren og Uthus svara som me ser nett like stor leding. Det kan tyde på at dei har vori ein gard og så vorti delt på 2 sysken ein gong i tida. Men som nemnt, er det helst truleg eit mistak i desse to ledingslistene, og denne slutninga har ein kome til i samråd med Riksarkivaren. Også i det høvet fører vegen fram til Uthus.

Truleg vart gardsnamnet Frol og Uthus brukt om kvarandre om ein og same gard på denne tida. Døme på ein slik «kamp» mellom to gardnamn finst frå fleire stader i landet. Etter ei tid får så det eine namnet overtaket, og det andre namnet går i gløyme eller - som i dette høvet - går att som grendenamn. Den som har skrivi ledingslista kan me gå ut frå ikkje har vori lokalkjent i Flora, og så har både «Froren» og «Udhuss» kommi med enda det var ein og same gard.

Når ein er kommen til denne slutninga så er det av desse grunnar:

1. I dei skattelistene som finst frå denne tidsbolken der namnet på brukarane er ført opp, finst aldri «Froren» og Uthus på same lista, Anten finst det berre «Froren» eller berre Uthus.

2. I rekneskapen for Steinvikholm len for 1548-49 står det: «Iffuer

18