Hjem Grenda

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 19

Hestgreie, okskrok og kløftreke,

fordi somme gardar fikk ledingen utrekna etter særreglar, peikar paa Uthuss», og berre 10 år seinare, i lista over skipsskatten av Trondheims len for 1557-59 står det: «Iffuer paa Fraal». Altså heiter brukaren det same i båe høve.

3. Den første skattelista som finst etter 1592-93 er frå 1600, men korkje der eller i seinare lister er nemnt garden «Froren». Så framt den var slegi saman med ein annan gard, skulle ein ha venta å finna at ledingen for den garden hade auka med 16 merker smør og 1 pund mjøl. Men ledingen er den same som før for alle gardane.

4. Hovudregelen var at ledingen var 8 merker smør pr. spann land­skyld. Det går mellom anna fram av ei klage frå bøndene i Gauldal i 1575 då lensherren Evert Bild ville auke ledingen til 12 merker. Landskylda for Uthus (dei 2 gardpartane ) var på 2 spann, og det høver til ein leding på 16 merker smør. Av lista frå 1592-93 ser me at Uthus og Froren tilsaman har 32 merker smør i leding, altså 16 merker pr. spann. For Tuset (båe gardane) var ledingen 8 mer­ker smør og landskylda 1 spann. For Hegset var ledingen 11 mer­ker smør og landskylda 1 spann 1 øre (1 spann = 3 øre), og det svarar til 8 merker smør pr. spann. Sjølvom det aldri var nokon heilt sikker samanheng mellom storleiken på landskylda og ledingen fordi somme gardar fikk ledingen utrekna tter særreglar. peikar

19