Hjem

Grenda


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Grenda - Innhald

GRENDA

Naturtilhøve

Oldfunn

Eldste garden i grenda

Næringsvegar gjennom tidene

Vegar og andre kommunikasjonar

Sjøregulering og elvutbygging

Bjørn og anna udyr

Namngjetne bjørneskyttarar

Skulen og lærarane

Lagsverksemd

Religiøst liv - Kyrkja

Flora kapell

 

11

11

15

16

20

26

30

33

39

45

49

55

60

 


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 65


Flora kapell, interiør.

res. kap. Lange las inngangsbøna. Vigselsritualet vart føredregi av biskopen som preika over eit avsnitt av Davids 84. salme: «Salig er det menneske som har sin styrke i Gud.» Han slutta preika med ei bøn om at det frå grendene og opp til det nye Gudshuset måtte bli ein åpen veg som ikkje måtte få gro att. Biskopen stod og føre resten av altartenesta og lyste kyrkja og kyrkjegarden innvigd. Høgtida vart så avslutta med «Kirkeklokke, ei til hovedsteder» sungi av koret.

Etter innviinga vart det teki opp offer på alteret for å dekke litt av kyrkja si gjeld, som var på 1600 kroner. Ved kveldsgudstenesta som prestane Hornemann og Hesselberg heldt, vart det og teki opp offer og det kom inn kring 300 kroner.

Ved middagen etterpå, som vart haldi i skulestugu, gjorde forman­nen lærar Flakne greie for byggjearbeidet og stykjunker Næss for inn­samlinga og rekneskapen. Det var ellest talar av pastor Hesselberg, ord­førar Kjøsnes, formannen i soknerådet, Lars Bårdsgård, arkitekt Kjeld­stad, sokneprest Børset og fl., og til sist av biskopen.

Kapellet med tomt og gravplass kom på 22 600 kroner, derav 7200 kroner til inventaret. Bygget var som nemt, reist for friviljuge gaver utan noko tilskott frå det offentlege. Som byggjenemnd fungerte no

65


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 66

Bardo Flakne, Peder B. Hegset, Didrik Næss, John G. Drivold, sok­neprest Børset med Ole P. Sandmo som varamann.

Kapellet vart ein kjær samlingsstad for grenda med stort oppmøte til gudstenestene i mange, mange år framover, og det har alltid vori omfatta med godhug både i grenda og av utflytta. Nye gaver er kommi og mykje frivillig arbeid er nedlagt for å gjera Gudshuset og kyrkje­garden vakker. Kapellet har fått plysjteppe framfor alteret, kosta av Ingeborg og Ole Bakken, og i skipet er det kommi opp gardiner for vindua og løper på golvet, ordna og kosta av utflytta damer.

Palmesundag 1959 vart det nye orgelet innvigd. Det er laga av Brø­drene Torkildsen, Åsen og kom på vel 33.000,- kroner. Kommunen yta 16000,- kroner. Resten er innsamla. Seinare har kapellet fått flomlys, og no arbeider dei med steingjerde kring kyrkjegarden. Det er ferdig mot vegen, og ein vakker handsmidd jarnport pryder no inn­kjørsla.

 

 

66


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 64

framleis utan bordkledning og det tok til å bli spennande om ein kunne få det innvigd denne hausten. Men no kom og Gylland att og bord­kledde kapellet, og brødrene Lien stod føre målinga her og.

Og no strøymde gavene på, mest som utstyr, mange av dei er sig­nerte. Kapellet fekk 2 kyrkjeklokker og 2 lysekroner. Den eine av kyr­kjeklokkene, storklokka er «Gåvå frå utflytta grendefolk» som det står på henne. Den andre er gjevi av Mali og Peder B. Hegset~ Den eine lyskrana er frå Gammelgruben a/b til eit minne om Selbo Kobberverk som var så nær knytt til Flora. Den andre lyskrona er gjevi av Gu­rine og Didrik Næss. Alterbiletet er gave frå arkitekten som og har måla det. Altarduken er sauma og gjevi av fruene Anna Melan og Ragnhild Landrø. Messehakelen er gjevi av Ingeborg og Bardo Flak­ne. Altarbøkene er gave frå Tydal kyrkje, og den trearma lysestaken er gjevi av Anne og John G. Drivold. Serkalkane vart gjevi av Selbu sanitetsforening og av prestane Børset og Lange, og altarsølvet ellest er gave frå Floren spareforening. Det kom og opp gardiner i kor og sakristi, arbeidd og gjevi av Johanna Bakken Marienborg, Skogn. Her skal og nemnast at innlegginga av det elektriske lyset vart kosta av Ole O. Tuset, og at trappene er snekra og gjevi av Johannes Ørås og at inventaret i sakristiet er kosta av Ole J. Flakne. Til orgel vart det gamle frå Selbustrand kapell teki i bruk etter å ha vorti restau­rert. Dette arbeidet vart gjort av Torkelsen, Åsen. Ein selbygg der, lærar og organist Ole Amdal, gjorde mykje for å få dette ordna, og etter innbyding møtte han og opp og spela under innviinga.

Vigseldagen stod kapellet ferdig med inventar og alt som høyrde til. Kapellet vart vigsla av biskop Støren med følgje av prostane Cast­berg, Strinda og Hoem, Stjørdal, sokneprestane Børset, Selbu, Skjaa­nes, Klæbu, Hovde, Byneset og Rostad, Malvik, sokneprest Horne­mann og pastor Hesselberg, Trondheim og res. kap. Lange, Selbu.

Innviinga vart ei høgtidsstund som ikkje vart gløymd av dei som var med. I grenda hadde folk gått mann av huse og ein stor flokk av utflytta grendefolk hadde møtt opp, og frå alle stader i dalføret, like frå Stugudal var det kommi folk for å vera med på høgtida.

Prosesjonen gjekk ut frå næraste gard og med kyrkjeklokkene klang ut over den flaggprydde grenda, gjekk det høgtidelege toget inn i kyr­kjehuset med altarbøkene og dei heilage kar som no kom på plass. Mellom 300 og 400 menneske var samla ved kapellet som denne da­gen vart altfor lite. Kring halvparten måtte nøye seg med å følgje handlinga gjennom høgtalar. Eit kor av songarar frå Melhus under leiding av O. B. Flakne song «Min sjel, min sjel lov Herren», og

64


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 63

sagn om garanti. Men tida gjekk, og det var først i 1929 saka vart ordna og søknaden kunne gå til departementet.

Men det skulle vise seg å vera fleire skjær i sjøen. Statens bygnings­inspektør hadde sine merknader, og nærmast ved ein incurie i søkna­den vart det nødvendig å leggje garantierklæringa enda ein gong for heradsstyret. Endeleg kravde departementet full garanti for byggje­summen før løyve kunne gjevast. Arkitekt Kjeldstad som hadde gått inn for oppgåva med ein eineståande interesse, forma no ut det ende­lege utkast som vart godkjent. Kostnadsoverslaget var på vel 23 000 kroner, ein liten sum etter pengeverdien no, men seig nok å nå den gongen. Noko tilskot var ikkje å få. Og å binde grenda til eit større lån meinte ein ville vera uheldig, så ein fekk ta den tida ein trong, og drive på med innsamlingsarbeidet til ein hadde midlane. Først i 1934 meinte ein å kunne fylle krava. Mykje av byggematerialet var da kom­mi på tomta, såleis alt hustømmer som var gjevi. Boks og bord til tak og paneling vart og levert i grenda, hoggi etter mål utan tillegg i prisen. Arbeidet på grunnmuren var bortsett og ein hadde tilbod frå byggmeister på oppføring av kapellet. Og med dei vel 14000 kroner ein no hadde i pengar skulle ein greie seg med tilskot av eit mindre lån, og den 18. november 1934 gjekk søknaden inn til departementet. Den 24. mai 1935 vart det ved kongeleg resolusjon gjevi løyve til å byggje eit kapell i Flora etter teikning av arkitekt Anton Kjeldstad. Det var ein triveleg bodskap som no kom over radio og aviser. Hadde folk vori gavmilde før, vart dei så mykje ivrigare no. «Sørg ikkje for altarduk, den kommer til kirkens innvielse», stod det i eit brev, utan anna opplysning. Og pengar og tilbod om gaver beint fram strøymde på.

Arbeidet med grunnmuren kom i gang først det vart berr jord, og den 4. juli vart oppføringa av kapellet bortsett til byggmeister Iver B. Gylland, Horg, som tok akkorden for 5.122,- kroner. Byggmeisteren skulle levere spiret og alt materialet til blikkenslagerarbeidet. Gylland kom med 5 mann etter slåttonna og fekk kapellet under tak til jul med vinduer og dører innsett. Desse vart levert av Samson Fabrikker, Mel­hus. Tårnet er tekt med kopar og taket med Alta-skifer.

Inventaret vart snekra i Selbu. Benkene ble levert av Sivert Brudal som tok 15,- kroner benken i arbeidsløn, oppsett i kapellet. Korskranke, knefall, døypefont, preikestol og altar er laga av snikkarane Olav Engen og John Renå som leverte det heile for 800,- kroner. Brørne Johan og Trygve Lien sørgde for a t in teriøret fekk dei farger det skulle ha. Arkitekten tenestgjorde som fargekonsulent. Men kapellet stod

63

Flere artikler …