Gård og ætt
Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67 Side 67GARD OG ÆTT
EIGEDOMSTILHØVE Før reformasjonen var kyrkja største jordeigaren her i landet. Dernest kom Kongen. Etter reformasjonen tok Kongen over alt bispegodset og det meste av det andre kyrkjegodset. Det gamle bispegodset vart kalla Stigtens gods. Ein støyter og på namn som canonigods eller kannikgods, kapitelgods og forleningsgods. Mest alltid er dette gammalt kyrkjegods. Etter kvart som Kongen kom i pengeknipe, måtte han til å avhende jorda. Serleg i 1660-åra pantsette og selde han mykje, mest til kjøpmenn og rike embetsmenn. I denne tida var det ikkje uvanleg at det var fleire eigarar om same gard, men berre ein hadde bygselretten eller var bygselrådig over garden, som det heitte. Han kunne avgjera kven som skulle bygsle eigedommen. Han hadde og visse serrettar. Han kunne t. d. hogge i skogen for sal om det var meir enn nok skog til husbehov. Den bygselrådige eigar hadde og krav på serskilte avgifter av leiglendingen- førstetake og tredjeårstake. Landskylda for den delen av garden det ikkje følgde bygselrådighet med, vart frå omlag 1700 ofte kalla laus landskyld. I Flora fanst det «løs landskyld» som ikkje vart innløyst før på dette hundreåret. Så seint som i 1661 hadde Kongen bygselrådighet over alle gardane i Flora unnateki Hegset og Neset, men han åtte ikkje all skylda. Halvparten av Uthus høyrde til Hospitalet i Trondheim, og Hemne kyrkje åtte partar i Tuset og Bakken. Jordboka for 1668 viser at Kongen i mellomtida hadde seld alle 67 |